Vernepleiar / spesialpedagog 80 - 100 % fast stilling ved Vigra skule
Org. nr: - Stillingsident: 4193687642 Presentasjon av stillingen:
Det blir ledig 80 - 100 % fast stilling som miljøterapeut ved Vigra skule frå 01.08.2020.
I tillegg til formell kompetanse, blir det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er godt skikka for stillinga.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sosial- og sosialpedagogisk arbeid retta mot enkeltelevar og grupper av elevar
- Ansvar for kartlegging, planlegging og tilrettelegging for undervisning
- Tett samarbeid med elevar, føresette, andre tilsette ved skulen og relevante instansar utafor skulen
- Arbeid også i skule- og fritidsordning, SFO
- Koordinator i ansvarsgruppe
- Leie og referere i ulike møter osb.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom eller spesialpedagog. Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje.
- Kompetanse for å planlegge og legge til rette for god livsmeistring
- God digital kompetanse
- Godt norsk språk -- skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Fagleg og personleg tryggheit
- Vilje til å stå i tett og konstruktivt samarbeid med elevar, kollegaer og foresatte om meistring, trivsel og læring
- Evne til å skape gode relasjonar og tillit, med fokus på Growt Mindset
- Evne til sjølvstendig arbeid, men også til samarbeid med andre
- Evne til å arbeide forutsigbart og strukturert, motivere og gjennomføre
- Kapasitet til å stå i utfordrande situasjonar både fagleg og emosjonelt
- Leiken, blid, engasjert og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Eit læringsfellesskap som arbeider for å skape god livsmeistring for elevane i eit trygt og utforskande miljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunalevilkår.
Kontaktinformasjon
Åse Elisabeth Skjerseth, einingsleiar/rektor, (+47) 98431522
Karianne Oline Farstad, avd.leiar, (+47) 70183912
Arbeidsstad
Roald
6040 Vigra
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Giske kommune
Referansenr.:4193687642
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.