Sjukepleiar
ÅSERAL KOMMUNE
Ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i Åseral kommune
Pleie rehabilitering og omsorg
Åseral er ei bygd med eit aktivt kulturliv. Kvar sommar lokkar Eikerapen Roots Festival og sommaraktivitetar på Minne Kultursenter mange tilreisande til bygda. I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har fotballbane og friidrettsarena.
Åseral kommune er Noregs sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland. Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvanna times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partnar.
Pleie rehabilitering og omsorg er delt opp i fire grupper:
• Åseralsheimen
• Rehab/korttidsgruppa
• Heimetenesten
• Kjøkken
Dei fire gruppene vert lokalisert i Omsorgssenteret som skal vere klar til innflytting i november 2020.
Stillinga har 3-delt turnus med helgearbeid.
Kvalifikasjonar:
• norsk autorisasjon som sjukepleiar
• gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Då den som blir tilsett skal være ein del av demensteamet er det ønskjeleg med etterutdanning innan demens.
Den som blir tilsett må ha førarkort.
Heimevakter kan påreknast.
Vi ønskjer ein sjukepleiar som:
• stiller krav til eigne faglege ferdigheter
• som med engasjement og gode haldningar bidreg på ein positiv måte i arbeidsmiljøet
• er sjølvstendig, løysingsorientert, fleksibel og motivert.
• taklar omstillingar og har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt særskilt.
Vi kan tilby:
• ei interessant og krevjande stilling med høve til å ta i bruk brei fagkompetanse i eit fagmiljø under utvikling
• tilrettelegging for vidareutdanning og fagleg oppdatering
• eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
• fleksibel arbeidstid
• løn etter avtale og god pensjonsordning
Tilsetting
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lover, reglar og avtaleverk.
Vert fortrinnsretten om auka stilling for fast tilsette i kommunen nytta, kan det bli aktuelt å tilsette i mindre stilling enn 100%.
Kontaktpersonar
Spørsmål om stillinga kan rettast til einingsleiar PRO, Britt Enny Haugland tlf. 977 94 602, (britt.enny.hauglad@aseral.kommune).
Har du behov for ein stad å bu, barnehageplass eller andre ting, er vi førebudd på å hjelpe deg.
Søknad
Søknad og CV kan du berre sende ved å bruke elektronisk søknadsskjema på Åseral kommune si heimeside (www.aseral.kommune.no). Vi gjer merksam på at søkjar sitt namn kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar har bedt om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjar vil bli varsla på førehand.
Søknadsfrist: 7.april 2020