Sumarjobb
Org. nr: 961382157 Stillingsident: 4386702364 Presentasjon av stillingen:
Er du glad i å vere ute? Er du mellom 16 -- 20 år og treng sumarjobb? Då treng vi deg i Vestre Slidre kommune i perioda juni -- august.
Arbeidsoppgåver
Kommuna har mange turstigar og kulturminne som krev skjøtsel, og vi ynskjer inntil 6 ungdommar som kan bidra med rydding og merking.
Personlege eigenskapar
Positiv og arbeidssom
Gla i å vere ute
Vi tilbyr
Løns og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Arbeidsperiode og arbeidstid etter nærare avtale.
Kontaktinformasjon
Gunhild Røyne, Kommunalsjef oppvekst og kultur, 95149595
Arbeidsstad
Slidrevegen 16
2966 SLIDRE
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestre Slidre kommune
Referansenr.:4386702364
Stillingsprosent: 0%
Søknadsfrist: 19.05.2021
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 464 km2 stor og har omlag 2 200 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.