Barnepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4315609071 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer barnepleiar ved Føde-barsel, gyn.seksjon ved Volda sjukehus.
25% av stillinga, skal dekke arbeid kvar tredje helg, det kan difor bli aktuelt å dele opp stillinga.
Vi er ei kombinert avdeling, med svangerskapspoliklinikk, føde-barsel og gynekologi. Vi har om lag 500 fødslar i året.
Vi har døgnberedskap når det gjeld behov for kirurgi, og vi er ei Mor-barn venleg avdeling.
Arbeidsoppgåver
- Allsidige barnepleiaroppgåver i eit stabilt og godt fagmiljø.
Kvalifikasjonar
- Medarbeider med barnepleierutdanning, evt. barnepleierstudent kan bli aktuell for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter ein dyktig,pasientorientert og iniativrik person, som har evne til å arbeide sjølvstendig, og som kan medverke til eit godt arbeidsmiljø.
- Søkar må ha gode kunnskapar i norsk, både muntleg og skriftleg.
Vi tilbyr
- Ein triveleg arbeidsplass med høve til personeleg og fagleg utvikling.
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Medlem i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Heide Rinn Grimstad, Konst. seksjonsleiar, Heide.Rinn.Grimstad@helse-mr.no
Arbeidsstad
Kløvertunveien 1
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4315609071
Stillingsprosent: 65%
Vikariat
Startdato: 04.01.2021
Sluttdato: 17.10.2021
Søknadsfrist: 01.12.2020
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på laget!
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal