Ungdomsarbeidar i Orre kyrkjelyd
Stillingsannonsen er inaktiv.Klepp kyrkjelege fellesråd
Orre kyrkje, Åsevegen 37, 4343 Orre
Org. nr: - Stillingsident: 4239597758 Presentasjon av stillingen:
Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer etter ungdomsarbeidar i 15 % prosjektstilling over 2 år.
Det er no ute annonse for fleire stillingar knytt til Orre kyrkjelyd. Dette skuldast at ein tilsett har gått over i ei anna stilling, og at ein omorganiserer og satsar litt nytt. Det er mogleg å søkje på fleire av stillingane for å få ein større stillingsprosent. Dersom søkjar har god IT- kompetanse, vil det vere høve til å få auka stillingsprosenten med arbeidsoppgåver innan IT i fellesrådet. Dette må kome fram av søknaden.
Orre sokn disponerer 2 kyrkjebygg. Orre gamle kyrke, som er bygd ca 1250, og Orre kyrke som er bygd ca 1950. I tilknyting til kyrkja i sentrum er det nyleg opna ny kyrkjelydssal og soknerådet har eit sterkt ønske om å styrke aktivitetane her med trusopplæringsaktivitetar og lågterskeltilbod spesielt retta mot ungdom.
Klepp kommune har omlag 19 000 innbyggjarar og ligg på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og Frøyland og Orstad.
Arbeidsstad vil vere Orre kyrkje, og her er det òg kontorplass som kan disponerast.
Les om kyrkjelyden på https://www.facebook.com/groups/790453001033014/.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i stillinga er knytt til aldersgruppa 12-16 år.
Orre sokn har i dag ikkje noko ungdomsarbeid utover konfirmantarbeidet, så her har ein høve til å få vere med på å utvikle noko nytt. Det er eit stort ynskje frå kyrkjelyden å få til eit lågterskeltilbod til ungdom.
- Planleggje og gjennomføre lågterskeltilbod for ungdom.
- Rekruttere, fylgje opp og inspirere frivillige ungdomsleiarar.
- Delta på konfirmantleir (ein gong i året).
- Arbeidstida er knytt til kveldar og helger, og kan difor passe godt å kombinere med studium.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring frå kyrkjelydsarbeid mellom born og unge
- Kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg.
- Medlem av Den norske kyrkja.
Personlege eigenskapar
- Vere glad i ungdom, kunne ta initiativ og gjennomføra prosjekt.
- Vere fleksibel og ha evne til å arbeida mykje med relasjonar i møte med ungdom .
- Struktur og ryddigheit er ein fordel
- Det vil verte vektlagt om søkjaren er personleg eigna til stillinga.
Me kan tilby:
- Spanande stilling.
- Løn etter gjeldande tariff.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Anna:
- Søkjar må kunne disponere bil.
- Ein må rekne med arbeid på ettermiddags-/kveldstid, samt noko helgearbeid.
- Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.
Kontaktinformasjon
Hilde Norland Djønne , Fungerande kyrkjeverje , 48 12 54 50
Arbeidsstad
Orre kyrkje, Åsevegen 37
4343 Orre
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kyrkjelege fellesråd
Referansenr.:4239597758
Stillingsprosent: 15%
Engasjement
Søknadsfrist: 09.06.2020
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Klepp kyrkjelege fellesråd
Adresse
Kleppevarden 2, 4350 Kleppe
null
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 10. juni 2020
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4239597758_Klepp kyrkjelege fellesråd_webcruiter
Stillingsnummer: cd6697d1-04ca-4704-9459-9ae186a57c97