Lærar med sosialpedagogisk rådgjevingsfunksjon
I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulen ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 180 elevar.
Skulen brukar i dag alternative læringsarenaer som til dømes "Inn på tunet". Her får elevane kombinera skule- og gardsarbeid. Vi ønskjer oss lærarar som i samarbeid med kollegaer og leiing vil ta del i vidareutvikling av skulane i Hemsedal.
Vi har følgjande stilling ledig:
100 % fast stilling på Hemsedal barne- og ungdomsskule. Stillinga vil innehalde 50 % sosialpedagogisk rådgjeving og 50 % undervisning. Stillinga som sosiallærar er ein del av skulen sin administrasjon.
Vi søkjer etter deg som:
- har fagkompetanse innanfor sosialpedagogisk rådgjeving
- vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- kan koordinere rådgjevingstenesta og legge til rette for at rådgjevinga blir inkludert i skulekvardagen
- er god på å kommunisere med elevar, foresette og medarbeidarar og møte dei med respekt
- kan møte elevar med positive intensjonar innanfor dei fleste problemområde og jobbe med desse elevane på kort og
lang sikt - har evne til å inspirere og vise omsorg
- vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
Stillinga har store krav til samarbeidsevne, kommunikasjon, struktur og arbeidskapasitet. Det vert forventa proaktiv
innsats i forhold til vegleiing av lærarar i klasseleiing, utvikling av eit positivt læringsmiljø og i forhold til oppfølging av
enkeltelevar.
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Skulen kan tilby:
- Fokus på utvikling av fagleg kvalitet
- Fokus på betre tverrfagleg samarbeid gjennom prosjektet BTI
- Eit aktivt friluftsliv
- Skooler som læringsplattform
Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Krav om poiltiattest jf opplæringslova for skulen
- Vi oppfordrar til likestiiilng og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar
skal lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Referansar vil bli innhenta.
Ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no, ved utfordringar i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)
Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune.
På vår webside under linken Hallingdal finn du dei andre kommunene i Hallingdal sine websider.
Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune.
Stillingar blir også lagt ut på www.nav.no, og der finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.