Avdelingsleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4192799611 Presentasjon av stillingen:
NAV Vestland er organisert i ni regionar der kvar av desse er fagleg sjølvstendige. Region Sunnfjord består frå 01.01.20 av NAV kontora i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Sunnfjord kommune har 22 000 innbyggarar og NAV-kontoret i Sunnfjord kommune er regionkontor for NAV region Sunnfjord med omlag 50 tilsette. Kontoret er organisert i fire avdelingar med eigen avdelingsleiar. Leiargruppa består av NAV-leiar og fire avdelingsleiarar.
Vi har no ledig stilling som leiar for avdelinga "Tenester til arbeidsgjevar". Avdelingsleiaren har skal vere med på å utvikle avdelinga og tenestene våre i Sunnfjord kommune, og i region Sunnfjord på ein måte som ivaretek eit godt arbeidsmiljø og fremjar mål om å få fleire i arbeid og aktivitet.
Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiaren skal bidra til auka arbeidsretting og koordinerte og heilskaplege tenester til arbeidsgjevar. Dette inneber å gje bistand til arbeidsgjevar på oppfølging av sjukmelde, rekruttering, kvalifisering og inkludering. Innan avdelinga er det også eit eige team med jobbspesialistar som jobbar med "utvida oppfølging" som tilbyr jobbstøtte og tettare oppfølging av arbeidsøkjar og arbeidsgjevar i ordinært arbeid. Oppgåver elles lagt til stillinga er:
- Personal-, og fagansvar for avdelinga
- Skape og utvikle gode resultat i samsvar med vedtekne mål, budsjett, planar og overordna føringar
- Legge til rette for kompetanseutvikling, organisatorisk læring, innovasjon og kunnskapsbasert praksis
- Sikre bruk av kontinuerleg forbetring som metode i utviklingsarbeide
- Samarbeide med resten av region Sunnfjord og våre samarbeidspartnarar, og på tvers av avdelingar, tenester og einingar i NAV
- Arbeid med portefølje knytt til individuell oppfølging og oppfølging av arbeidgjevarar
- Vere ein aktiv deltakar i kontoret og i leiargruppa
Det kan bli endring i arbeidsoppgåvene
Kvalifikasjonar (overskrift)
Du må ha:
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Vi ynskjer at du har:
- God fagleg innsikt i fagområdet til avdelinga
- Erfaring med endrings- og utviklingsarbeid
- Erfaring som leiar med personalansvar
- God digital kompetanse og ønske om å vera ein pådrivar for å ta i bruk nye løysingar
- Evne til å vere ein pådrivar og tilretteleggar for forbedring og utvikling
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for samfunnsoppdraget til NAV.
Vi ynskjer at du har evne til å:
-
Engasjere og motivere gjennom open og tydleg kommunikasjon
-
Byggje tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
-
Ser løysinger, er fleksibel, strukturert og målretta
-
Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
-
Eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
-
Tilsetting i stilling som avdelingsleiar istillingskode 1407 med lønsspenn frå kr.583 900,- til kr.640 200,- per år. Høgare løn kan vurderast for særleg kvalifiserte søkjarar.
-
God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Magne Kjetil Berg, Leiar NAV Sunnfjord, 992 41 911, magne.kjetil.berg@nav.no
Arbeidsstad
Hafstadvegen 40B
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:NAV
Referansenr.:4192799611
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.02.2020
Om bedriften
NAV (Arbeids- og velferdsforvaltningen) leverer arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning. Vi har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om tilsetjing av søkjar med nedsett funksjonsevne/"hol i CV" kan bli brukt i statistikken til regjeringa si inkluderingsdugnad.
CV blir nytta til ei utvida søkjarliste. Du må grunngje om du ynskjer å bli fjerna frå offentleg søkjarliste. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjarlista. Du vil bli varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje blir teke til følgje.