Lektor ved Examen facultatum/Akademisk skriving – 2-årig vikariat i 50 % stilling
Lektor
Ved Det humanistiske fakultet, Institutt for filosofi og førstesemesterstudium, er det ledig eit vikariat i 50 % stilling knytt til seminarundervisning ved Examen facultatum-emnet Akademisk skriving. Tilsettingsperiode vil vere 01.08.2021 – 31.07.2023.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium har omlag 70 tilsette på heil- og deltid, inkludert 12-15 i stipendiat- og postdoktorstillingar. Instituttet tilbyr undervisning på bachelornivå i filosofi og retorikk, og på master- og PhD-nivå i filosofi. I tillegg har det ansvar for å drive Universitetet i Bergen sitt Examen philosophicum-tilbod samt Examen facultatum-emne ved Det humanistiske fakultet.
Arbeidsoppgåver:
Det meste av undervisninga vil gå føre seg i haustsemesteret, og den tilsette i stillinga skal drive undervisning, studentrettleiing og vurderingsarbeid (sensur) ved førstesemesteremnet Akademisk skriving. Det blir forventa at den som blir tilsett deltek aktivt i lagarbeid gjennom semesteret. Det kan også vere aktuelt med arbeid knytt til «Søk og Skriv» sin redaksjon.
Ein kan lese meir om emna her:
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Det formelle kravet for tilsetting er norsk mastergrad eller tilsvarande utdanning i eit relevant humanistisk fag (t.d. historie, filosofi, litteraturvitskap eller nordisk) og sterk interesse og motivasjon for skriveundervisning.
I tilsettingsprosessen vil elles desse kvalifikasjonane og eigenskapane bli vektlagt:
- Omfanget av formell fagleg og pedagogisk kompetanse.
- Erfaring med undervisning i dei aktuelle emna, eller tilsvarande emne.
- Pedagogiske kvalifikasjonar, slik desse kjem fram gjennom tilsendt dokumentasjon.
- Personlege eigenskapar og evne til å samarbeide.
Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Vi tilbyr:
- Sterkt, godt og variert fagmiljø og arbeidsmiljø.
- Løn tilsvarande lønnstrinn 52-64 (kode 1009/LR 25) for universitetslektor eller 64-72 (kode 1198/LR 24) for førstelektor. For tida utgjer dette kr. 466.100 – 575.200 for universitetslektor og kr. 575.200 – 669.700 for førstelektor brutto per år i heil stilling.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».
Dette må følgje søknaden:
- Søknadsbrev med hovudvekt på søkjar sin motivasjon for stillinga.
- Curriculum Vitae, inkludert liste over relevante publikasjonar.
- Vitnemål (skanna originalar eller attesterte kopiar).
- Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.
- Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk, må lastast opp i «Jobbnorge». Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Generell informasjon:
Ytterlegare informasjon om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Steinar Bøyum på telefon 55 58 25 51 eller e-post Steinar.Boyum@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Vi oppmodar kvinner om å søkje.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetting i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Søknadsfrist: 31.01.2021.
UiB id: 20/14421.