100% stilling som kommunepsykolog i Ullensvang kommune
Ullensvang kommune Helsestasjon
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. desember
Ullensvang kommune har ledig 100 % fast kommunepsykologstilling
Ullensvang kommune lyser ut fast 100% kommunepsykologstilling. Stillinga er organisert på helsestasjonen under sektor for oppvekst- og utdanning.
Kommunen satser på forebygging og kvalitet i psykisk helse til barn og unge 0-23 år. I stillinga inngår det varierende arbeidsoppgåver, med førebyggjande og helsefremjande arbeid til målgruppa, klinisk behandling samt eit tverrfagleg samarbeid etter BTI- modellen. Meir info på BTI-modellen sjå: https://www.forebygging.no/BTI/
Stillinga sitt formål:
Styrka psykologkompetansen og bidra til å styrke det samla kommunale arbeidet på psykisk helsefelt. I dette ligg helsefremjing og førebyggjande arbeid, tidleg oppdaging og intervensjon. Tverrfagleg samarbeid, rettleiing og gjensidig kompetanseutvikling står sentralt i arbeidet.
Ny opptrappingplan for psykisk helse (2023 - 2033) skal bidra til at fleire får oppleve god psykisk helse og livskvalitet og at sosiale forskjellar i psykisk helse vert redusert. Ein av tre innsatsområder i planen skal dekkje både det helsefremjande og det førebyggjande arbeidet. Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033). Du vil være med på å forme dine arbeidsoppgåver i tråd med kommunen sin plan for stillinga. Kommunepsykolog vil jobbe tett med deler av kommunens rus- og psykiatriteneste, legetenesta, PPT, Barnevern, helsesjukepleiarar, Bup samt andre naturlege samarbeidspartnarar.
Ansvarsområder/arbeidsoppgåver
- Førebyggjande og helsefremjande arbeid retta mot barn og unge
- Klinisk/terapautisk arbeid med brukere
- Behandling av lettare til moderate psykiske og åtferdsmessige vansker, samt med rus problematikk.
- Være kommunen sin hovedressurs innan arbeidet med psykisk helse til barn og unge og deira familie
- Diagnostiske vurderinger og utredninger for å kunne tilrettelegge behandlingstiltak
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Undervisning til barn si psykiske helse, rettleiing av føresette og personell som arbeider i barnehage og skule
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
- Bidra inn til kommunens deltakelse i oppretting av “Psykisk helseteam”
Systemarbeid:
- Samarbeide og rettleiar helsesjukepleiarar i konkrete saker
- Samarbeide med tilsett kommunepsykolog på helsestasjonen
- Samarbeide med kommunale hjelpeinstansar ved behov (PPT, barnevernteneste, psykiatriteneste, fastlegar m.fl ) samt familiekontor og spesialisthelsetenesta
- Rettleiing til andre fagpersonell i konkrete saker
- Arbeida systematisk for god fagleg samarbeidsrutinar og styrka fagleg arbeid på helsestasjonen
Ynskja kvalifikasjoner
- Offentlig godkjenning/autorisasjon som psykolog
- Videreutdanning og/ eller erfaring fra familieterapi eller kognitiv terapi og arbeide med barn/ ungdom er svært ønskelig.
- Erfaring fra primær- eller spesialisthelsetjenesten er ein fordel
- Erfaring med barn og unge
- Grunnleggjande IKT-kompetanse
- Interesse for fagutvikling
- Gode norskkunnskaper både skriftlig og muntlig, med god framstillingsevne
- Vi oppfordrer også sisteårs studenter å søkje på stillinga
- Attest norsk språk B1-B2, gjeld for søkjarar utanfor norden
- Profesjonsstudium i psykologi, gjerne med spesialistutdanning
- Organisasjonspsykologi og organisasjonsutvikling
- Systemkompetanse og kompetanse innan organisasjon- og endringsleiing
- Rettleiing og rådgjevningskompetanse
Personlige egenskaper
- God samarbeidsevne
- Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
- Evne til å inspirere og engasjere
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team samt kunne skriftleggjere sitt arbeid
- Evne til god og tillitsbyggjande kommunikasjon med mennesker i vanskelege livssitusjonar, kollegaer og samarbeidsinstanser
Det vert lagt stor vekt på personleg kvalifikasjonar.
Me tilbyr
- Ein spanande stilling der du får bidra til å videreutvikle tenestetilbodet til målgruppa
- Moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Løn i tråd med tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Gode arbeidsforhold med eit aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Dekning av reiseutgifter etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordninger i KLP
- Kommunen er behjelpelig med å skaffe bolig
Ynskjer du å veta meir?
Spørsmål om stillinga rettes til:
Kommunepsykolog Julia Sabine Kulla, mail: julia.kulla@ullensvang.kommune.no mobil: 480 30 062
Kommunalsjef for Oppvekst- og utdanning Anna Maria Kråkevik, mail: anna.maria.kraakevik@ullensvang.kommune.no mobil: 970 78 337
Vil du veta meir om Ullensvang helsestasjon, sjå heimsida vår på https://ullensvang.kommune.no/seksjon/oppvekst-og-utdanning/helsestasjonstenesta/
Tiltreding er ynskja så snart som mogleg.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2788270
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3426351_194005_nn