Ferievikariat og sommerjobb
Ferievikariat - sommaren 2020
Luster kommune treng ferievikarar i omsorgstenesta og ved Teknisk drift.
Kontaktperson for Luster omsorgsteneste:
Leiar Kari Olseng Paulsen, tlf. 57 68 57 02
kari.paulsen@luster.kommune.no
Kontaktperson for Teknisk drift:
Leiar Terje Arild Kveane, tlf. 57 68 57 20
terje.arild.kveane@luster.kommune.no
Sommarjobb for 16- og 17-åringar
I budsjettet for 2020 er det sett av lønsmidlar til16 kommunale sommarjobbar for 16- og 17-åringar busette i Luster kommune.
Desse sommarjobbane varer i 4 veker, og vert tildelte søkjarar ved loddtrekking av ungdommens kommunestyre og rådmannen.
Sommarjobbane vert fordelte på omsorgstenesta, teknisk drift og barnehage etter behov.
Søkjarar må ha fylt 16 år innan 1. juni 2020. Ungdom som fyller 18 år før 1. juni 2020 er ikkje aktuelle for sommarjobbar for 16- og 17-åringar.
Kontaktperson for kommunen:
Fagleiar personal og organisasjon
Margunn Hillestad, tlf. 57 68 55 97
margunn.hillestad@luster.kommune.no
For meir informasjon og søknadsskjema klikk på knappen på høyre side.
Søknadsfrist: 1. mars 2020
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.200 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen er organisert etter ein tilpassa 2-nivå-modell og har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem.