Vernepleiar - eining for funksjonshemma ID 1065 & ID 1066
Søknadsfrist: 31.01.2021 Ved eining for funksjonshemma i Kviteseid kommune jobbar det vernepleierar, sjukepleiar, helsefagarbeidarar/hjelpepleierar og assistentar som yter tenestar til menneske med utviklingshemming og funksjonshemming i alderen 0 -- 100 år. Vi har personell i heimen til den enkelte, i barnehagen, i skulen, på dagsenter og i avlastning. Hovudarbeidsstaden er ved Lundenjordet, eit bufellesskap som ligg sentralt til i Kviteseid med utsikt til Sundkilen.
Ved eining for funksjonshemma er fylgjande stillingar ledige:
Vernepleiar, ID 1066, 100 % fast stilling, tilsetjing frå 15.02.21
Vernepleiar, ID 1065, 100 % svangerskapsvikariat, tilsetjing frå d.d. -- 01.03.2022, med mogleg forlenging.
Stillingane er i turnus, 35,5 t/v og inneber arbeid kvar 3.helg i bustad for menneske med utviklingshemming. Stillingane vil være delt mellom arbeidsstad i bustad for menneske med utviklingshemming og i skulen og/eller barnhagen med born med funksjonshemming.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid
- Vernepleiarfagleg ansvarleg for enkelte bebuarar
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar
- Anna relevant utdanning/vidareutdanning ift menneske med utviklingshemming
- Erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming
- Kompetanse i dataprogrammet PROFIL
- Førarkort kl B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar:
- Evne til å kommunisere og løyse oppgåver i samarbeid med andre
- Ha evne til å take ansvar, vere sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
- Kan ivareta menneske og deira behov, samstundes som du kan opprette god struktur og fagleg perspektiv
- Vere oppteken av å sjå nye og annleis løysingar, hovudsakleg med utgangspunkt i brukarens behov
Vi kan tilby:
- Spanande og omfattande faglege utfordringar
- Ein arbeidsplass med godt arbeidsmiljø der vi ser kvarandre
- Kollegaer med humor som sit laust
- Løn etter gjeldande avtale
Andre relevante høgskuleutdanningar innan helse- og sosialfag er også velkomne til å søkje. Ved intern rokkering kan andre stillingar bli ledige.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.