Barnehagelærarar
Stillingsannonsen er inaktiv.Mona barnehage, Gloppen kommune
Gloppen
Mona barnehage søkjer etter:
- 100 % barnehagelærar - fast stilling frå 12.08.19
- 100 % barnehagelærar -vikariat frå 12.08.19 - 14.08.20. Til stillingane vert det lagt funksjon som pedagogisk leiar, med tilhøyrande tillegg.
Utlysinga dekkjer og eventuelt andre barnehagelærar stillingar som vert ledig i Gloppen kommune fram til nytt barnehageår.
Mona barnehage er ein 6 avdelingsbarnehage og ligg sentralt til på Sandane.
Våre satsingsområder er bl.a språk, friskliv og tidleg innsats.
Meir informasjon om barnehagen: www.mona.barnehage.no eller Mona barnehage på facebook.
Arbeidsoppgåver
Du som vert tilsett må jobbe i tråd med Rammeplanen, årsplan/periodeplan for barnehagen og Circle of security (COS) og får ansvar for utarbeiding og gjennomføring av <>. Som pedagogisk leiar har du hovudansvar for det pedagogiske arbeidet og organiseringa i avdelinga, foreldresamarbeid, personaloppfølging og oppfølging av enkeltbarn og gruppe. Dette inneber at du må ta ansvar, ha oversikt og kunne jobbe sjølvstendig og i team. Du må i tillegg vere ein vaksen som deltek aktivit i leik, aktivitet og dagleg omsorg. Du har saman med styrar ansvar for oppfølging i saker som krev samarbeid med andre eksterne instansar.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning. Søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning kan vere aktuelle dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkjarar.
- God IT-kompetanse
- ASK - kompetanse kan bli føretrekt ved tilsetting
- Interesse innan friluftsliv
- Nytte nynorsk som skriftspråk og snakke godt norsk
Personlege eigenskapar
Vi ser etter medarbeidarar som er opptatt av barna sitt beste, som er reflektert og som har evne til å jobbe i eit stort team. Som ped.leiar må du ha evne til å ha oversikt over gruppa og det enkelte barn sitt behov, samt ha eit nært samarbeid med foreldrene kring barnets beste. Du må takle arbeidspress, vere løysingsorientert, tole å ta avgjerdsler og stå i utfordringane som oppstår.
Vi tilbyr
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tillegg for funksjon som pedagogisk leiar
- Variert arbeid i eit fagleg miljø
- Godt arbeidsmiljø
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Om du også er søkjar til dei andre ledige stillingane våre, ber vi om at du prioriterer kva stilling du helst ønskjer.
Kontaktinformasjon
Margrete Huus, Einingsleiar, 970 95 123
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Gloppen kommune
Referansenummer:4046147549
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 31.03.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Mona barnehage, Gloppen kommune
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sitt felles bu- og arbeidsmarknad på 40 - 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og Gloppen vart i 2011 kåra til årets kulturkommune.
Om stillingen
Stillingstittel
Barnehagelærer
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 1. april 2019
Hentet fra: Overført fra arbeidsgiver
Referanse: 10010726
Stillingsnummer: cc846c7d-6d8e-4ff1-a6b9-e9eaad0bbaa7