Sjukepleiar - 100% fast i turnus - S15
Omtale av stillinga
Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter sjukepleiar i 100% fast stilling.
Stillinga inngår i ein døgnrytmeturnus (3 veker dagvakt, 1 veke seinvakt).
Arbeid kvar 4. helg, 12 timars skift.
Arbeidsstad på Husnes ved S15, Helse- og omsorgs tenester til personar med rus og psykisk liding.
Tilsetting frå 01.09.2020.
Kvalifikasjonar
- Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helse kan vere eit føremon.
- Erfaring frå somatikk kan vere eit føremon, saman med anna relevant kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på:
- Personlege eigenskapar.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Evne til å arbeide sjølvstendig.
- Gode evner innan relasjonsbygging.
- God kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Vi ber og om at du oppgir mobiltelefon nr. og e-postadresse i søknaden din.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Om bedriften
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.