Engasjerte og dyktige barne- og ungdomsarbeidarar
Stillingsannonsen er inaktiv.Dingemoen skule
Dingemoen, 6963 Dale i Sunnfjord
Org.nr.:864 968 422 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kan du tenkje deg ein variert og innhaldsrik arbeidsdag saman med barn og ungdom? Vi ser etter deg som har eit stort ønskje om å vere ein trygg og tydeleg vaksen, og som kan motivere og støtte elevane i skulekvardagen.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håper vi du les vidare.
Vi har no ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeidarar på Dingemoen skule frå skuleåret 2021/22, og skal tilsetje både fast og mellombels/i vikariat.
Stillingane vil følgje skuleåret og vere delt mellom arbeid i skulen og arbeid på SFO. Elevane på 1.-10. trinn blir frå hausten samla på Dingemoen skule. Barne- og ungdomsarbeidarane må rekne med arbeid på alle trinn ved skulen.
Ta gjerne kontakt med oss for å høyre meir om arbeidsplassen vår.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med elevar i gruppe eller einskildvis i skule
- Arbeid i SFO før og etter skuletid, samt i nokre feriar ved behov
- Samarbeid med pedagogar og miljørettleiarar og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre med erfaring frå skule eller barnehage kan og søkje
- Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på
- Gode kommunikasjonsevner på norsk
- Den som blir tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Om deg
- Du har godt samspel med både barn og vaksne
- Du ser barna sine behov og skapar gode relasjonar til dei
- Du er ein trygg vaksen som set tydelege rammer i kvardagen
- Du evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
- Innmelding i pensjonsordning
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Anne Grethe Dale, Tlf: +47 57738168, Epost: anne.grete.dale@fjaler.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Dingemoen skule
Adresse
Dalsvegen 217, 6963 Dale i Sunnfjord
Dingemoen skule ligg i Dale i Sogn og Fjordane.
Frå skuleåret 2021/22 skal Dingemoen skule og Fjaler ungdomsskule samlokaliserast i ein 1-10 skule som no er under bygging på Dingemoen.
Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog.
Om stillingen
Antall stillinger
1
Oppstart
1. august 2021
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 14. mars 2021
Hentet fra: stepstone
Referanse: vac2655755dep174287_Dingemoen skule_stepstone
Stillingsnummer: cc4eca23-3dd9-4d4f-9b18-8f6ba143d159