Kinomedarbeidar
Sjøborg kino er ein moderne kino lokalisert i Sjøborg kulturhus, som er samlokalisert med Quality Hotel
Ulstein.
Kinoen har ein sal med 120 stolar, eigen kiosk, framsyningar seks dagar per veke og eit årleg besøk på kring 30.000.
Leiar for kinoen er kinosjef i halv stilling. Kinoen har fleire deltidsstillingar knytt til kiosk/billettsal og
kinoteknisk personale.
Vi har ledig vikariat som kinomaskinist/kinoteknisk personale ei helg i månaden og elles ved behov (tilkallingsvikar). Stillingsstørrelse vil kunne variere og stillingsbehovet kan endre seg. Arbeidstid er på kveldstid.
Alle søkjarar må vere fylt 17 år i løpet av året.
Arbeidsoppgåver
Sjøborg kino søkjer serviceinnstilte, ansvarsfulle og engasjerte personar! Vi søkjer etter deg som har stor
grad av sjølvstende, samstundes som du likar å jobbe i team, har godt humør og interesse for film og kino.
Hos oss er publikum i fokus, vi søkjer difor etter deg som kan yte god service i ein hektisk og spennande
kvardag på vår kino. Den rette kandidaten er klar for «å ta i eit tak», har interesse for data og
kundehandsaming og gjerne erfaring frå tilsvarande arbeidsforhold/-bedrifter. Vedkomande må også
vere motivert for å arbeide i ei bedrift som har ope når andre har fritid.
Kvalifikasjonar
Den rette personen innanfor teknikk/filmframsyning må være teknisk interessertog ha gode datakunnskapar. Arbeidet passer for deg som har interesse for data og film, er ansvarsfull, pålitelig og ein "stå på" person.
Personlege eigenskapar
Utadretta haldning og samarbeidsevne er viktig.Ordenssans vil bli vektlagt, då det å rydde etter framsyningane, fylle på varer og generelt holde kinosal,
foajee og kioskareal ryddige og innbydande, er ein viktig del av jobben.
Vi tilbyr
- Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
- Løn etter gjeldande regulativ
Kontaktinformasjon
Kristine Brungot, Kinosjef, 48259087Leif Per Ringstad, Kultursjef, 47301332
Arbeidsstad
Sjøgata 106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Oppvekst og kulturetatenReferansenr.:4551502757
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 21.08.2022
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.