Hopp til innhold

Ledig 100% stilling på natt som sjukepleiar

Arbeidsgiver

Aukra kommune Aukra omsorgssenter

Sted

Aukraringen 14, 6480 Aukra

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar -natt
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

Vi i Aukra søkjer deg som er sjukepleiar, som trivs med nattarbeid og  som ønskjer å utgjere ein forskjell i nokon sitt liv, som fast nattevakt i 100% stilling.

Vi investerer i våre tilsette, og legg derfor til rette for vidareutdanning i samsvar med kompetanseplanen for eininga. 

Om oss

Aukra Omsorgssenter ligg på Gossen, 12 minutt med gratis ferje frå Hollingsholmen. Det er ein fin reiseveg til ferja, uansett om du bur i Molde eller Hustadvika.

Vi flytta inn i Aukra Omsorgssenter i 2018. Omsorgssenteret består av:

  • Sjukeheim med tre ulike avdelingar; langtidsavdeling, korttidsavdeling og skjerma avdeling.
  • 20 heildøgns omsorgsboligar som blir betent av heimetenesta
  • Base for heimebaserte tenester
  • Legevaktsatellitt
  • Dagsenter
  • Administrasjon
  • Kjøkken/kantine
  • Frisør og neglesalong
  • Lokale som blir nytta av ergo/fysio.
Om stillinga

Ledig 100% fast stilling på natt som sjukepleiar. Vi tilrettelegg for vidareutdanning, og har ei rekke andre godar vi ønskjer å tilby deg som nattevakt.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter ein person som:

  • Spreier arbeidsglede
  • Er raus med kollegaene sine
  • Er engasjert og fagleg dyktig
  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Har godkjend bachelor i sjukepleie
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå eldreomsorga
  • Det er ein fordel om du har kjennskap til Helseplattformen 
Arbeidsoppgåver
  • Sjukepleiefagleg oppfølging og observasjon av pasientar/bebuarar gjennom natta
  • Handtering og vurdering av akutte situasjonar
  • Administrering av medikament og dokumentasjon etter gjeldande rutiner
  • Samarbeid med lege, legevakt og anna helsepersonell ved behov.
  • Mottak og handtering av pasientar på legevaktsatellitt, i samråd med Molde interkommunale legevakt
  • Ivaretaking av pasientane sine grunnleggjande behov og tryggleik
  • Rettleiing og samarbeid med kollegaer og anna pleiepersonell
  • Sikre god kommunikasjon og rapportering mellom vaktskifta
  • Arbeid i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjer
  • Delta i kvalitetsarbeid og bidra til fagleg utvikling på arbeidsplassen
  •  
Vi tilbyr
  • Vi har eit framforhandla  tillegg på 22 500 kr/år for sjukepleiarar som går natt
  • Aukra kommune sitt eige stabilitetstillegg på 100 000 kr som blir utbetalt kvart fjerde år
  • 100 % stilling utgjer om lag 130 000 kr i året i nattevaktstillegg
  • 8 års ansiennitet frå fyrste arbeidsdag
  • Tilrettelegging for vidareutdanning i tråd med kommunen si kompetanseplan
  • Eit veldig kjekt og innhaldsrikt arbeidsmiljø, der ein er fire nattevakter saman kvar nattevakt
  • Ein arbeidsplass som ønskjer å leggje til rette for deg når det trengst
  • Ein draumeturnus kor vi kan legge til rette for lengre friperiodar
  • Løn etter tariff
  • Aukra kommune har heiltidskultur, men vi er åpen for redusert stilling om du ønskjer det
  • Dekt legevaktskurs og kurs i vald- og overgrepshandtering

Oppstart
Etter avtale

Arbeidstid 

Turnus, natt, alle dagar

Prøvetid
Det er gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søk på jobben
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

Søk seinast onsdag 3. juni


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Helene Hjellnes

Einingsleiar (konstituert)

+47 48291869

helene.hjellnes@aukra.kommune.no

Om bedriften

Aukra Omsorgssenter er relativt ny og moderne, og vi flytta inn i 2018. Ein har teke i bruk det nyaste av velferdsteknologi, og nyttar det aktivt i tenesta i pleie og omsorg. Aukra Omsorgssenter har 30 plassar fordelt på lang- og kortidsplassar. I same bygget finn ein heimesjukepleie, dagsenter for eldre og 20 heildøgns omsorgsbustadar. Institusjon og heimesjukepleie har tett samarbeid om brukarane. Sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie i turnus driftar legevaktsatelitt ilag utover vanleg kontortid. Det er felles nattevakter i institusjon og hos heimebuande.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cc055a48-0f6a-4adc-9bae-daf9c96f38df

Sist endret

18. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3628429_239829_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser