Kyrkjelydspedagog / kateket inntil 100% frå 1.august 2019
Kyrkjelydspedagogen/kateketen vil få ansvar for trusopplæringsarbeidet i alle sokna i fellesrådet sitt område etter vedteken trusopplæringsplan.Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjene og i nært samarbeid med den andre kyrkjelydspedagogen og med sokneprest.Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølve.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
- I samarbeid med den andre kyrkjelydspedagogen og frivillige i sokna vidareutvikle trusopplæringsarbeidet for alle i alderen 0-18 år.
- I samarbeid med stab bidra inn i det øvrige kyrkjelydsarbeidet for born og unge.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som kyrkjelydspedagog eller kateket.
- Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk og med relevant praksis, vil også verte vurderte. Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og ungdom.
- Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet.
- Den som vert tilsett, skal framlegge tilfredsstillande politiattest etter Kyrkjelova § 29.
- Du må vere medlem av Den norske kyrkje.
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Personlige eigenskapar
- Hjarte for barn og unge
- God formidlingsevne og ønske om å formidle bodskapen om Jesus til barn og unge
- God evne til å planlegge og drifte ulike aktivitetar og tiltak
- God relasjonsbygger
- Kreativ og nyskapande
- God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team
Vi tilbyr
- Ein god og triveleg arbeidsplass og samarbeid i team.
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med høve til fagleg og personleg utvikling
- Tilsetting etter formelle kvalifikasjonar i kyrkjeleg undervisningsstilling
- Løn etter KAs tariffavtale, god pensjonsordning i KLP
Anna:
- Tilsettinga skjer med Storfjorden kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar, og med sokna i Stordal, Norddal og Stranda kommunar som arbeidsområde.
- Kontorstad Stranda kyrkjekontor.
- Du må trivast med ein del kvelds- og helgejobbing, plusstid avspasserast etter avtale
- Oppstart etter avtale etter 01.08.19.
Viser også til ledige prestestillingar i Storfjorden www.kirkejobb.no
Kontaktinformasjon
Petra Riste Synnes, Kyrkjeverje, 40441527
Arbeidssted
Ødegårdsvegen 3
6200 Stranda
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Storfjorden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.:4027213684
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.04.2019
*Den norske kirke
Om bedriften
Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt området er sokna runde Storfjorden på Sunnmøre, kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turistbygda Geiranger, Stordal og Stranda med sine ski- og alpinanlegg. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd vil frå nyttår 2020 bestå av 6 sokn med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10,5 årsverk fordelt på 14 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovedkontor vert i Stranda.