Fastlege
Org. nr: - Stillingsident: 4216601099 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 3 fastlegeheimlar ved Kvernaland legesenter frå 22.05.2020. Legesenteret består av tre fastlegar og med plass for i alt fem legar. Senteret starta opp i oktober 2013 og er drive etter ordinær næringsdrift for fastlegar, og tilsett hjelpepersonell tilsaman 2,3 årverk. Kommunen vil vera open for å sjå på andre løysingar eller økonomiske tiltak som kan letta drifta, både på kort og lang sikt. Det er mogleg å avtale ein periode med vikariat, som ein prøveperiode i allmennlegepraksis før ein bestemmer seg om ein vil inngå fast avtale. Dei tre listene har listestørrelse: 809 ( listetak 900), 1137 (listetak 1200), 781 (listetak 800).
Arbeidsoppgåver
Kommunen legg til rette for spesialisering og kan nytta seg av offentlege ordningar. Helsedirektoratet opplyser at det truleg vil lysast ut tilskotsmiddel til næringsdrivande ALIS-stillingar i 2020. Kommunen kan då søkja om tilskot etter avtale med den enkelte legen. Eit slikt tilskot vil kunna dekkja ekstra utgifter i oppstartfasen og i samband med spesialistutdanninga. Kommunen vil sørgja for nødvendig rettleiing og supervisjon.
Det kan vera aktuelt med kommunalt arbeid på helsestasjon eller sjukeheim eller som rettleiar for legar i spesialisering.
Legevakt: ca. 25-delt ved Klepp og Time legevakt kl. 15--23 kvardagar og i tidsrommet 08--23 i helger
Nattevakter ved interkommunal legevakt på Sandnes, ca. 60-delt kl 23--08.
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon og minimum gjennomført LIS1-teneste
Gode norsk-ferdigheiter, munnleg og skriftleg
Andre krav
Politiattest, ikkje eldre enn tre månader
Økonomiske vilkår ved overdraging av praksis etter avtale med nåværende fastleger
Personlege eigenskapar
God til å kommunisera og gode samarbeidsevner
God til å arbeida strukturert og sjølvstendig
Gode evner til å driva eigen praksis i privat næringsdrift
Om arbeidsplassen
Kvernaland legesenter ligg sentralt plassert på Kvernaland ca. ei mil aust for Bryne.Legesenteret ligg i moderne og funksjonelle lokaler. Senteret har en del moderne tekniske løysingar som server i sky, digitalt/nettbasert sentralbord. I tillegg til eit moderne laboratorium, har senteret ei velutstyrt skiftestove med mellom anna digital tonometri, tympanometri, elektronisk øyreskyll mm..Senteret er veldrevet og har moderne nettbasert, og oppdatert, kvalitetssikringssystem som er i tråd med interkontroll forskriften. Legesenteret leiger lokala av kommunen etter eigen avtale. Det er to andre legesenter på Bryne og eit godt fagleg miljø med felles internundervisning.
Kontaktinformasjon
Heidi Garborg, Verksemdleiar, 99315148
Øystein Øgaard, Kommuneoverlege, 456 62 014
Arbeidssted
Theodor Dahls veg 8
4355 Kvernaland
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Time Kommune
Referansenr.:4216601099
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 22.04.2020
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.
Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggjarar, besøkjande og næringsliv. Time kommune har ca 18.500 innbyggjarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar difor alle som er kvalifiserte til å søkja hos oss; uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli untatt offentlegheit. Søkjar vil bli varsla før offentleggjering.