Barnehagelærarar og spesialpedagogar frå 01.08.2020
Ingress
Det er ledig eit uspesifisert tal faste stillingar/vikariat i barnehagane frå 01.08.2020.
Me søker
Ål kommune har fem barnehagar:
- Nordbygdene barnehage, 2 avdelingar
- Sando barnehage, 2 avdelingar
- Skattebøl barnehage, 2 avdelingar
- Sundre barnehage, 6 avdelingar
- Torpo barnehage, 2 avdelingar
Barnehagane er oppdaterte og godt tilrettelagt for leik og læring, og dei har store og innhaldsrike uteområde. Betre læring er vår lokale oppvekstplan der "livsmestring i eit inkluderande læringsmiljø" er overordna mål. Det er utarbeidd felles system for tverrfagleg samarbeid (BTI), og ein felles plan legg til rette for etablering av gode foreldrenettverk. Helsetenestene gjennomfører delar av 4-årskontrollen i barnehagen. Gjennom prosjektet "Inkluderande barnehage- og skulemiljø, pulje 4" arbeider tilsette i barnehagane med ny forskingsbasert kunnskap om sosial og emosjonell utvikling i tidlege barneår.
Meir informasjon om barnehagane og barnehagetilbodet i Ål kommune, sjå www.aal.kommune.no
Utlysinga gjeld også for stillingar som kan bli ledige fram til august 2020.
Kvalifikasjonar
Krav om utdanning som barnehagelærar eller anna relevant godkjent utdanning, gjerne med vidareutdanning. Spesialpedagogikk er eit satsingsområde.
Personlege eigenskapar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar. Me ynskjer søkjarar som brenn for barnehageyrket.
Viktige eigenskapar:
- interesse for pedagogisk utviklingsarbeid
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- pågangsmot og engasjement
- lojal og positiv
- fleksibel og løysingsorientert
- ynskje om å ta del i fellesskapet, både fagleg og sosialt
Menn vert oppmoda om å søkje. Hallingdal har regional MIB-gruppe (menn i barnehage).
Me tilbyr
- barnehagar med gode og utviklande arbeidsmiljø
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- engasjerte vaksne, barn og foreldre
- kompetanseheving
- hjelp til å skaffe bustad
- pensjonsordning KLP
Lønsvilkår
Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala.
Politiattest
Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling. Politiattesten vert makulert etter at den er nytta i samband med tilsettingane.
Send søknad
Det skal sendast elektronisk søknad. Klikk " Søk stilling" og fyll ut den elektroniske søknaden.
Informasjon etterkvart i tilsettingsprosessen vert sendt på e-postadressa du loggar deg på med.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn i den elektroniske søknaden.
Du er velkommen til å ta kontakt med oss dersom du har spørsmål til stillinga.
Om bedriften
Ål kommune, midt mellom Oslo og Bergen, er den største av kommunane i Hallingdal med litt under 5 000 innbyggjarar og med Bergensbanen og RV 7 som hovudårer. I Ål finn du mellom anna Ål kulturhus med Landsdelscene for dans, og det lokalmedisinske senteret, Hallingdal sjukestugu. Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Avdelingane i oppvekstsektoren har fokus på inkludering og gode rutinar for tverrfagleg samarbeid. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. I kåringa til UNICEF i 2019 om oppvekstvilkår for barn, er Ål rangert som ein av dei ti beste kommunane i landet.