Rektor ved Søre Øyane barneskule
Stillingsannonsen er inaktiv.Os kommune
Søre Øyane barneskule
2.GANGS UTLYSING
Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Søre Øyane barneskule med snarleg tiltreding.
Vi søkjer deg som vil vere ein kompetent, open og engasjert skuleleiar i Os og Bjørnafjorden kommune. Som skuleleiar i Os og Bjørnafjorden
kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for
elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Os kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.
Arbeidsstad
Søre Øyane barneskule ligg på Sundøy i Os kommune i eit idyllisk og maritimt miljø.Vi er ein skule i vekst, med 127 elevar frå 1.-7.trinn. Satsingsområda til skulen er lesing og sosial kompetanse. I tillegg har vi ei lokal tilpassing innan det maritime i vår
læreplan. Vår visjon: -samhald og meistring
For meir informasjon om skulen, sjå skulens heimeside: http://www.soreoyane.gs.hl.no.
Arbeidsoppgåver
- Å leie skulen sitt leiarteam
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent. Søkjarar
må ha særs gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Os og Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Ønska kvalifikasjonar
- Undervisningskompetanse
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og god på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale
- Leiarstøtte og mentor -ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Os kommune
Adresse
Røtingavegen 45, 5216 Lepsøy
1.januar 2020 slår Os og Fusa kommunar seg saman til Bjørnafjorden kommune."Saman for vekst og utvikling!" er visjonen for arbeidet med kommunesamanslåinga, og større og meir robuste fagmiljø er eit viktig mål. Vi ser etter medarbeidarar som lyttar med respekt , finn smarte løysingar, gjer det dei seier og er inkluderande.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 28. august 2019
Hentet fra: Os kommune
Referanse: jobb.oskommune.no/recruitment/opening?0?2829/KJEI
Stillingsnummer: cb76f407-567d-4315-b7ef-69fc2de62fe5