Framtidas helsetenester gjennom digitalisering
Stillingsannonsen er inaktiv.Helse Vest IKT
5052 Bergen
Org. nr: - Stillingsident: 4140722125 Presentasjon av stillingen:
Har du erfaring frå digitalisering og endringsarbeid som prosjektleiar, konsulent eller rådgjevar? Og brenner du for endring og teknologi?
Helsetenesta står ovanfor store utfordringar dei kommande åra. Dette inneber ein omfattande utvikling mot betre tenester, der innovasjon og digitalisering er ein av nøkkelfaktorane i endringsarbeidet. Les meir om den spennande satsinga i Helse Vest si strategiplan: Helse2035
Seksjon for Arkitektur og løysingsdesign utgjer eit solid fagmiljø av verksemds-/løysingsarkitektar som bidrar inn i endringsarbeidet i prosjekt og program. Våre medarbeidarar er sentrale i satsinga på nye og framtidsretta løysingar. Vi arbeider for å skape samanheng og ivareta heilskapen i endringsarbeidet. Vi skal mellom anna sjå brukarbehov, arbeidsprosessar og informasjon i samanheng med moglegheiter innan teknologi. Seksjonen inngår i Avdeling for Arkitektur, innovasjon og portefølje. Kompetanseutvikling og samarbeid står sentralt i avdelinga, og vår kultur for deling av kunnskap og erfaringar er høgt verdsett blant medarbeidarane. Lagarbeid i avdelinga, og i prosjekt, er ein føresetnad for å handtere kompleksiteten i endringsarbeidet.
Vi er i dag 29 dyktige og engasjerte tilsette i seksjonen og treng - likevel - å styrke laget.
Arbeidsoppgåver
Som verksemds-/løysingsarkitekt vil du inngå som del av kjerneteamet for eit endringsprosjekt og ha eit nært samarbeid med prosjektleiar. Ditt fokus vil vere å levere arkitekturtenestar til prosjektet - mellom anna:
- Gi råd ved utforming av mål og nytte av endring, samt sjå desse i relasjon til overordna mål
- Kartlegge behovet til brukarar og andre interessentar, og ha dialog med disse gjennom endringsarbeidet
- Kartlegge og beskrive noverande situasjon, framtidig/ønska situasjon, samt analysere gapet mellom dei to
- Bidra til at framtidig løysing vert vald ut frå eit heilskapleg perspektiv gjennom metodisk tilnærming
- Følge opp implementering av vald løysing
Vi søker medarbeidarar som er sterke på
- å sjå heilskap og samanhengar
- samspelet mellom menneske, prosess, organisasjon, informasjon/data og teknologi/IKT
- å sjå moglegheiter for bruk av teknologi/IKT
- dialog og samarbeid og er motiverte til å jobbe i team
- analytisk, metodisk og langsiktig arbeid
- å ta initiativ og å finne løysingar
Kvalifikasjonar
-
Relevant høgare utdanning.
-
Det er ønskeleg med erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
-
- Verksemds- /løysingsarkitektur i større/komplekse organisasjonar/prosjekt
- Prosjektleiing/konsulentbistand/rådgjeving i større/komplekse IKT-prosjekt
- Endringsarbeid innan helsesektoren
-
Arbeidsspråk er norsk, og søker må beherske norsk flytande (munnleg og skriftleg). I tillegg er det ønskeleg at ein beherskar engelsk.
Vi tilbyr
- Spennande utfordringar innan eit strategisk satsingsområde
- Gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø, samt motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Fleksible arbeidsordningar, derunder fleksitid
- Løn etter avtale og medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Andre opplysninger
Søknadsfrist er snarast, og søknader vil behandlast fortløpande.
Arbeidsstad er Bergen eller Stavanger. Du må rekne med noko reising i samband med jobben.
Kontaktinformasjon
Tor Helland Kleppe, Seksjonsleiar, (+47) 92 20 00 14
Arbeidsstad
5052 Bergen / Stavanger
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4140722125
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 01.12.2019
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Adresse
Ibsens gate 104, 5052 Bergen
Om stillingen
Antall stillinger
2
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 19. desember 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4140722125_Helse Vest IKT_webcruiter
Stillingsnummer: cb48051a-1ead-4517-b6b3-c983017202b2