Undervisningsstilling - Lysekloster barneskule
Vi har ledig vikariat dette skuleåret, grunna studier
Ved Lysekloster barneskule er det ledig 15% vikariat skuleåret 2091/ 2020 i undervisningsstilling frå 01.10.2019
Arbeidsstad
Lysekloster barneskule er ein 1.- 7. skule med om lag 190 elevar og 25 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.
Arbeidsoppgåver
Lærararbeid, med undervisning på 1.- 4. trinn i både små og store grupper.
Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor tilpassa opplæring.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå Høgskule eller Universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.
Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg. Nynorsk er administrasjonsmålet i Os kommune.
Vi treng deg som har erfaring frå småskuletrinnet og har god digital kompetanse. Leiarerfaring frå skule vil bli vektlagt.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
I tillegg til formell kompetanse, legg vi stor vekt på personlege egenskaper og ser etter deg som:
- inspirerer andre og bidrar til livsglede og arbeidslyst
- bidrar til samarbeid og gode relasjonar blant elevar og i personalet
- skaper engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
Om bedriften
I januar 2020 blir kommunane Os og Fusa slått saman til Bjørnafjorden kommune. Den nye kommunen vil ha om lag 25 000 innbyggarar og vere i sterk vekst. Vi vil legge til rette for gode liv i Bjørnafjorden kommune gjennom å lytte med respekt, finne smarte løysingar, inkludere og - ikkje minst - gjere det vi seier.