Konsulent - Tilgangsbehandling
Org. nr: 987601787 Stillingsident: 4283406670 Presentasjon av stillingen:
Ein stor del av våre saksbehandlingsoppgåver er no robotiserte, men vi treng framleis analoge mennesker for å kvalitetssikre arbeidet robotane gjer. Vi vil ha tak i ein person som kan kjapt og ryddig sette seg inn i system, rutiner og prosedyrar, for så å følge opp dei elektroniske kvalitetsrapportane i tilgangsbehandlinga vår.
Seksjon for tilgangsbehandling har hovudansvaret for å opprette IT-tilgangar til 30 000 tilsette i Helse Vest. Seksjonen opprettar tilgangar i merkantile og medisinske system, der dei fleste tilgangsbestillingane kjem inn- og vert behandla i ein eigenutvikla nettportal.
Vi er på jakt etter ein person som er nøyaktig, strukturert og sjølvstendig. Det er ein fordel om du har jobba på eit sjukehus tidlegare, men ikkje eit krav.
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning, og nyutdanna må gjerne søke.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av rapportar
- Godkjenning av tilgangsbestillingar
- Opprette brukarar i medisinske og merkantile system
Kvalifikasjonar
- Brei erfaring med PC som arbeidsverktøy
- Gjerne erfaring frå sjukehusdrift
Du er
- oppsøkande og sjølvgåande i arbeidsoppgåvene
- ikkje redd for å stille faglege spørsmål til kollegaer
- om ikkje festens midtpunkt, så ein bidragsytar til eit levandes og triveleg kontormiljø
- meir glad i samarbeid enn soloekspedisjonar
- pliktoppfyllande
- norskbrukar, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- eit av noregs største og mest komplekse IT-selskap
- topp maskinvare og utstyr, knallgod stol, vintage kontorbygg
- kunnskapsrike og inkluderande kollegaer
- dartturneringar i pausane, veldig høg kaffi-nerdefaktor på heiltid
- lønn etter avtale
- medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar
Kontaktinformasjon
Jens Vatne, Seksjonsleiar, 99297744
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 45
5009 Bergen
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Vest IKT
Referansenr.:4283406670
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2020
Om bedriften
Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag drygt 560 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren, og skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.