Undervisningsstilling ved Lunde barneskule
Org.nr.:844458312 Stillingsident: 21/3743 Presentasjon av stillingen :
Vi har ledig 50 % fast stilling og 50 % vikariat. Vikariatet varer skuleåret 2021-2022
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad Lunde barneskule er ein 1-7-skule med rundt 370 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde, i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære». Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver Undervisning på barnetrinnet. Den som vert tilsett i den faste stillinga, må ha ønskje om å vere kontaktlærar. Kompetanse innan symjeundervisning/livredningsprøve.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar Vi ser etter medarbeidarar som:
- har relevant utdanning/kompetanse for undervisning på barnetrinnet
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning og nye fagplaner
- er fleksibel
- har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar
Søkarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø der vi set stadig utvikling av skulen høgt
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Elin Skaatun, Mobil 958 72 456, Epost: eska@bjornafjorden.kommune.no
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?