Ledige stillingar - Austevoll Heimeteneste
Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Miljøarbeidartenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Ledige faste stillingar ved Austevoll Heimeteneste
- 100 % fast stilling som helsefagarbeider i turnus med arbeid 3. kvar helg
- 75% fast stilling som sjukepleiar i turnus med arbeid 3. kvar helg
Kvalifikasjoner:
- Det er ein føresetnad at søkjar liker å jobbe med menneske, er fleksibel, arbeidsvillig, positiv og må trivast med å jobbe i team.
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg, vi samhandlar digitalt via pasientjournalsystemet; Profil.
Vi er ein organisasjon i endring, og vi ynskjer arbeidstakarar som er omstillingsdyktige, likar faglege utfordringar, og er god på å samhandle på tvers av avdelingar og profesjonar. Du må trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med mange spanande arbeidsoppgåver; som krev at du er løysingsorientert og har høg arbeidskapasitet. Alle tilsette bidrar på kvar sin måte med dei evnene og ressursane ein har. Hovudfokuset vårt er å sikre at brukarar og pårørande får eit godt tilbod hos oss.
Søkjar må ha autorisasjon og førerkort for bil.
Vi tilbyr:
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Send søknad