Sommarvikar
Org.nr.:939901965 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Stillingstype
Ved biblioteket i Vestnes er det behov for ferievikar i følgande periode:
Veke 27-29: fire dagar i veka, og i veke 31 og veke 33 to dagar i veka. Det kan også bli behov for tilkalling sporadisk.
Arbeidsoppgåver:
- Utlån og innleveringar
- Sette på plass bøker
- Rettleie publikum
- Administrere Sommerles
- Forefallande bibliotekarbeid ak
- Følge opp smitteverntiltak
Opplæring vil bli gitt
Kvalifikasjonar:
- Du har interesse for og kjennskap til litteratur
- Du kan arbeide systematisk, sjølvstendig og effektivt
- Du liker å arbeide med menneske og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Du beherskar også framandspråk.
- Du har god kompetanse innan IKT og digitale tenester
- Det er ein fordel om du har erfaring frå bibliotekarbeid
- Du må vere 18 år el. eldre
Vi tilbyr:
- Løn og tilsetjing i høve til gjeldande tariff, lov- og avtaleverk
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i nytt, topp moderne bibliotek
Tilsettingsvilkår Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Ved tilsetting som krev politiattest, skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. Referansar Oppgi referansar Søknad Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer din CV i søknadsskjemaet.
Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.
Søkarlista kan bli offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vigdis Ødegård, Mobil +47 91610323
Om bedriften
Vestnes folkebibliotek er i første etasje i helsehuset Stella Maris. Biblioteket si verksemd har basis i Lov om folkebibliotek som slår fast at alle kommunar skal ha eit eige folkebibliotek. Folkebiblioteket har til oppgåve å fremje opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling og ved å stille bøker og anna materiell gratis til disposisjon for alle som bur i kommunen.