Prosjektstilling i førebyggande arbeid barn/unge - ID 1127
Stillingsannonsen er inaktiv.Kviteseid kommune
Kviteseid kommune
Søknadsfrist: 26.09.2021 Me ser eit behov for å vidareutvikle og sikre eit større tverrfagleg samarbeid i tenestene våre til sårbare/utsette barn og unge. Me har fått midlar til å styrke tilbodet vårt i psykisk helse, og lyser derfor ut ei prosjektstilling der du vil få være med å styrke og utvikle det førebyggande og tverrfaglege arbeidet med barn og unge i Kviteseid kommune. Me ynskjer å utvikle samarbeidet mellom skulehelsetenesta og psykisk helse og rustenesta i kommunen. Me ynskjer å sjå på moglegheita for å organisere tenestene våre på ein måte som bidreg til at me er tidlegare inn, med rett kompetanse på rett tid.
Ved Kviteseid helsesenter er følgjande stilling ledig:
Prosjektstilling i førebyggande arbeid barn/unge ID 1127 , opptil 80 % stilling, tilsetjing i eit år prosjektstilling frå 01.10.2021
Arbeidsoppgåver:
- Utvikle og kvalitetssikre eksisterande tilbod
- Utvikle og styrke samarbeidsstrukturar og god arbeidsflyt mellom ulike tenester, tenestenivå og aktørar som bidreg i arbeid rundt desse barna.
- Utvikle og styrke det tverrfaglege og førebyggande tilbodet til utsette/sårbare barn og unge.
- Sikre at kommunens planarbeid og interne rutinar er i tråd med nasjonale føringar
- Utvikle og styrke samhandlinga med barnevernstenesta og andre tenester og aktørar som bidreg til den psykososiale oppfølginga av sårbare barn og unge.
- Samarbeide med ansvarlege leiarar og andre fagpersonar i planlegging av tenesteutvikling.
Kvalifikasjonar:
- Helse- eller sosialfagleg utdanning, bachelor eller tilsvarande
- Det er ynskjeleg med relevant vidareutdanning
- Andre søkjarar med relevant erfaring vil kunne vurderast som aktuelle
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Det er ein fordel med erfaring frå prosjektarbeid
- Det er ein fordel med erfaring innan fagfeltet
Personlege eigenskapar:
- Du har mykje engasjement og arbeidsdriv
- Du er god på å skape tillit i relasjonar
- Du er nysgjerrig og likar nye utfordringar, og har evne til å sjå korleis me kan bygge heilskaplege og robuste tenester på kort og lang sikt
- Du har evne til å arbeide systematisk og strukturert
- Du har god skriftleg framstillingsevne og likar planarbeid
- Du likar å jobbe sjølvstendig og i team
- Du har gode rettleiings- og kommunikasjonsevner
- Du har gode refleksjonsevner og interesse for tverrfagleg arbeid
- Du skapar gode relasjonar med både kollegaer, brukarar og andre samarbeidspartnarar
Stillinga vil vere underlagt einingsleiar helse/fagleder psykisk helse og rus, og som tilsett vil du vere ein del av kommunens psykisk helse og rusteneste.
Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader. Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. Attestar og vitnemål må leggast ved den elektronisk søknaden.
Kviteseid kommune er opptatt av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i samfunnet. Vi oppmodar derfor alle som er kvalifisert til å søke uansett alder, kjønn, eventuell funksjonshemming, seksuell orientering, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Kviteseid kommune
Adresse
Kviteseidgata 13, 3850 Kviteseid
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 27. september 2021
Hentet fra: Kommuner.i.Telemark
Referanse: /prosjektstilling-i-foerebyggande-arbeid-barnunge-id-1127.6408235-480321.html
Stillingsnummer: ca3e3213-531d-49c3-90da-ceb341c4bfea