ID 1665 Fagarbeidar -- Stord kommunale eigedom
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
5417 Stord
Ved Stord kommunale eigedom er det ledig ein fast 100% stilling som fagarbeidar med relevante fagpapir og praksis innan fagområdet elektro. Stillinga er ledig frå snarast. Stillinga vil for tida ha sitt daglege arbeid på alle kommunale bygg og anlegg.
Det kan bli aktuelt at stillinga inngår i vaktordning på kommunale bygg
Personen me er ute etter har fyljande kvalifikasjonar:
- Serviceinnstilt
- Fagbrev innan nemnde fagområde
- Førarkort kl. B
- Det er ønskeleg med erfaring frå drift og vedlikehald av bygningar.
Me tilbyr:
- Eit positivt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
- Velferdsklubb med fleire leilegheiter i Røldal
Pensjon i KLP
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjoner kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som gjeld frå den dagen du slutter å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje
Nærare opplysningar om stillinga hos avd. leiar Leif Rune Gravdal. tlf. 97 55 20 20 eller einingsleiar Arne Bjelland tlf. 97 55 20 37.
Søknadsfrist: 31.01.21
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Borggata 2, 5417 Stord
Om stillingen
Antall stillinger
1
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 12. februar 2021
Hentet fra: stord.kommune
Referanse: 6359789-428219
Stillingsnummer: ca242e11-39f5-4db1-b538-811dcf148630