Lege - arbeidsretta rehabilitering, vikariat
Vikariat, 100% stilling frå 4. mai -- 31. desember 2020.
Vårt hovudmål er å hjelpe menneske som av ulike årsakar har falle ut, eller står i fare for å falle ut av arbeidslivet, å koma tilbake i jobb. Ofte er det snakk om fysiske eller psykiske utfordringar, som regel i ein kombinasjon.
Du kan bidra med din spisskompetanse gjennom klinisk praksis, og blir del av eit team beståande av lege, psykolog, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog. Saman støttar teamet pasientane gjennom ein endringsprosess der fokuset er å styrke og synleggjera ressursane og moglegeheitene for desse.
Det er forskjellige spesialitetar som kan vera aktuelle for AiR, til dømes fysikalsk medisin og rehabilitering, arbeidsmedisin, allmennmedisin eller andre.
Det kan også vera aktuelt med lege i spesialisering (LIS) innan fysikalsk medisin og rehabilitering.
Arbeid- og ansvarsområde
- Individuelle konsultasjonar og rettleiing
- Medisinske vurderingar
- Undervising
- Tverrfagleg sparring og samarbeid
- Søknadsvurdering
- Fortløpande journal- og epikrisearbeid
Faglege kvalifikasjonar
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Blikk for tverrfaglege funksjonsvurderingar
- Interesse for undervising og gruppeprosessar
- Gjera andre gode gjennom konstruktiv fagleg dialog
- God skriftleg framstillingsevne
- Erfaring med fagområdet er ei føremon, men ikkje eit krav
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me tilbyr:
- Konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
- Arbeidstid mellom kl. 08.00 og 15.30 på kvardagar
- Systematisk fagleg utvikling både internt i huset og gjennom eksterne kurs og etterutdanning
- Hjelp til å skaffe bustad
Søknadsfrist 15. mars 2020
For meir informasjon, kontakt ass. klinikkleiar, Siri Mørch på tlf. +47 474 63 408 / siri.morch@air.no
eller administrasjonsleiar Jon Hovda på tlf. +47 35 06 28 00 / jon.hovda@air.no
Om bedriften
Rehabiliteringssenteret AiR er ein landsdekkande ideell institusjon i spesialisthelsetenesta innan arbeidsretta rehabilitering. Me har ca. 65 årsverk og 80 tilsette. AiR-klinikk er CARF-akkreditert, noko som bidreg til at rehabiliteringstenestene er målbare, forsvarlege og av god fagleg kvalitet. Me delar lokale og organisasjon med Nasjonalt Kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering med ansvar for å forske på best practice innanfor fagfeltet. Senteret ligg i Rauland i Telemark, omgjeven av flott natur som nyttast aktivt i rehabiliteringsarbeidet. AiR har totalt fem stillingar for legar.