Helsefagarbeidar
Kort om stillinga
Suldal bu- og aktivitetstiltak er ei eining som gir tilbod til menneske med ulik grad av psykisk og fysisk utviklingshemming.
Vårt mål er å ha tenestemottakaren i sentrum av vårt arbeide. Me har fokus på å ha eit godt arbeidsmiljø.
Eininga består av dagsenter, 3 boligar og ein avlastning for born.
No er det ledig 65 % vikariat stilling som helsefagarbeidar fom. snarast tom. 16.08.2020 med moglegheit for forlenging.
Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3.helg
Oppmøtestad er for tida Suldal bu- og aktivitetstilbud, Nedre Dalane.
Ved intern tilsetjing/omrokkering kan du få tilbod om anna stilling.
Omtale/Arbeidsoppgåver
Me søkar deg som er:
- motivert for å arbeide med menneskje, barn og ungdom.
- tilstadeverande.
- fagleg interessert.
- oppteken av å søkje kunnskap.
- eit bidrag til eit positivt miljø.
I tillegg ønskjer me at du har:
- eit positivt menneskjesyn.
- evne til å inspirera og motivera kollegaene dine.
- evne til å jobba målretta, og likar å sjå resultat av jobben din.
- erfaring frå liknande arbeid.
- gode norskkunnskapar, både skriftlege og muntlege.
Arbeidet består av å fylgje opp tenestemottakarane og deira behov.
Kvalifikasjonar
Me ønskjer deg som har autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande arbeid. De vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Stillinga er opna opp for andre med relevant erfaring.
Førarkort klasse B
Språk
Søkjaren må beherska norsk skriftleg og munnleg.
Generelt/Søknad sendast
Det er ikkje mogleg å leggja med vedlegg.
Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju.
Frå 01.01.2017 skal alt personell som yt helse- og omsorgstenester i Suldal kommune leggja fram politiattest ved tilbod om stilling. Politiattesten skal visa om vedkommande er sikta, tiltalt, pålagd førelegg eller dømd etter straffelova, og politiattesten kan ikkje vera meir enn 3 månadar. Visar til Helse- og omsorgstenestelova §5-4 og §5-4a.
Suldal kommune gjer merksam på at søkjarlistene kan vert offentleggjorde.
Suldal kommune oppfordrar alle våre søkjarar til å søkja digitalt. Søkjarar som ikkje kan søkja via nett, ta kontakt med Servicetorget tlf. 52 79 22 00.
Om bedriften
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. 1200 av desse bur i kommunesenteret Sand.Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod. Det regionale kulturhuset for indre Ryfylke ligg i kommunesenteret Sand. Der ligg også regionalt idrettsanlegg og Suldalshallen.