Miljøterapeut
Ledig fast 50% stilling i miljøarbeidartenesta frå snarast. Søknadsfrist: 18. mars 2020. Innan miljøarbeidartenesta som har hovudbase på Lesjaskog, er det ledig fast stilling frå snarast.
Stillinga har arbeid kvar 3.helg, turnus dag / kveld.
Kompetansekrav:
Helst autorisert vernepleiar, eller anna helsefagleg H/U-utdanning.
Det vil bli vurdert å tilsette miljøarbeidar dersom vi ikkje får søkjar med vernepleiarutd./anna helsefagleg H/U-utd.
Lønn (rekna ut frå 100% st):
Miljøterapeut: Kr 410.000-530.000 pr år.
Miljøarbeidar: Kr 350.800-450.000 pr år.
Nærare info: Leiar for miljøarbeidartenesta, Anne Marie Bryggen, tlf 910 01 421
Søknad sender du til: Lesja kommune, innan 18.03.2020
Ver vennleg å sende søknad elektronisk via knappen over. Søknad som ikkje er sendt elektronisk via vårt søknadsskjema, blir ikkje tatt i betraktning.
Oversikt over utdanning og praksis skal framgå av søknaden. Det gjeld også evt interne søkjarar.
Dersom fast tilsett søkjer utvida stilling (jf HTA §2.3) og fyller kompetansekravet, vil vi bruke same søkjarmasse for å dekke opp evt mindre stilling som måtte bli ledig.
Politiattest (begrensa) skal leggast fram før oppstart i stillinga, jf Helse- og omsorgstenesteloven §5-4.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli oppført på søkjarlista (jf Offl §25). Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla om dette.
Evt søknadspapir blir ikkje returnert.
Saksnr: 2019/1010
ID: 496
Dato: 13.02.2020