Faste helgestillingar - Psykiatrisk akuttmottak (PAM), seksjon PAM1
PAM 1 er ein av to postar i avdeling psykiatrisk akuttmottak ved Haukeland universitetssjukehus. Dette er ei lukka post med 10 senger. Posten tek imot psykiatriske ØH-pasientar til innlegging, vurdering, og set i gang behandling. Liggjetida er gjennomsnittleg 4-5 døgn før utskriving eller overføring til andre postar ved sjukehuset. For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søkje.
Vi har no ledig 3 faste helgestillingar på dag/aften og ein helgestilling på natt med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre sjukepleietiltak
- Pasientoppfølging i post
- Mottak av nye pasientar som blir lagd inn i psykiatrisk akuttmottak
Kvalifikasjonar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med erfaring frå psykiatri generelt og akuttpsykiatri
- Ønskjeleg med erfaring frå miljøarbeid/institusjonsarbeid
Utdanningsretning
- Medisin
- Helsefagarbeider / Hjelpepleie
- Sykepleie
- Vernepleie
Utdanningsnivå
- Fagskole / Fagbrev
- Høyskole / Universitet, Diplom- / Bachelorgrad
Personlege Eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Samarbeidsvillig
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Gunn Andersen, Seksjonsleiar, 55956412
Pål Audun Hegland, Assisterande avdelingsleiar, 55956460
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Bergen
Ref. nr.:4047433115
Stillingsbrøk: 14,50/28%
Fast deltid
Startdato: 29.04.2019
Tal på stillingar: 3
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4047433115&company_id=53020070301&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.