Eitt års mellombels stilling med administrative oppgåver
Om stillinga
DFØ er i ei spennande utvikling, og vi har nyleg fått utvida arbeidsområda våre. Samstundes leverer vi fleire tenester til ein stadig aukande kundemasse. No har vi behov for å styrke oss mellombels innan arkiv og administrasjon. Hos oss får du moglegheit til å jobbe med drift, rettleiing og kontroll av arkivløysinga vår, samt oppgåver innan administrasjon.
Vi søkjer deg som har erfaring frå arkiv i statleg verksemd, og som er serviceinnstilt og likar deg i eit utviklingsorientert miljø. Vi tilbyr deg eit godt arbeidsmiljø med god samhandling på tvers av fagfelta i divisjonen. Vi kan vise til gode leveransar, og du får faglig dyktige kollegaer å samarbeide med. Du kjem til å jobbe tett med arkivar, og du rapporterer til administrasjonssjef.
Arbeidsoppgåver
- daglege driftsoppgåver i arkivfunksjonen som: informasjon og rettleiing om gjeldande arkivrutinar og moglegheiter, kvalitetssikring av dokumentasjon
- posthandtering
- sentralbord
- andre kontoroppgåver
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- arkiverfaring frå statleg verksemd
- kjennskap til arkiv- og dokumentasjonsløysingar
- kjennskap til offentleglova, forvaltningsloven og arkivloven
- god erfaring med administrative oppgåver innan resepsjons- og sekretærfunksjonar
- god erfaring frå å arbeide ved sentralbord
- erfaring med brukarorientering og samhandlingsverktøy (gjerne Office 365 og SuperOffice)
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- god skriftleg framstillingsevne på norsk
Du bør ha:
kjennskap til administrative rutinar i offentlege verksemder
Kven er du?
Du har engasjement for faget ditt, tenkjer ut gode løysingar, er nysgjerrig etter å lære og bruke ny teknologi. Det er viktig at du er strukturert, og at du kan jobbe sjølvstendig. Du må kunne lytte og sjå den enkelte, dette for å skape tillit og ha ein god dialog. Du trivst med å samarbeide med andre, og du er opptatt av å involvere andre og dele kunnskap. Vidare er det viktig at du er serviceoorientert, systematisk og arbeidar sjølvgåande. Vi kjem til å leggje vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- spanande arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag – hos oss er du med på å bidra til effektiv ressursbruk i staten
- eit arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- gode ordninger for vidareutvikling
- kontakt med revelante fagmiljøer
- ein stabil arbeidsgjevar med fleksibel arbeidstid (inkludert sommartid), gode velferdsordningar og moglegheit for trening i arbeidstida
- lokale sentralt i Oslo, og hausten 2021 flyttar vi inn i splitter nye kontor i Økern Portal
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). DFØ trekk 2 prosent av lønna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du også særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad
Les meir om goda ved å jobbe i staten på Arbeidsgivarportalen.
Dette er ei mellombels stilling på eitt år. Ho vil bli plassert som konsulent med lønn mellom 391 800 og 419 600 kroner per år. Ved tilsetjing er det seks månader prøvetid.
Stillinga er plassert i strategi- og fellestenestedivisjonen, og inngår i strategi-, organisasjonsutviklings- og HR-avdelinga i Oslo. Denne avdelinga består i dag av 22 medarbeidarar som har det overordna ansvaret for DFØs strategi og OU-arbeid, HR, informasjonsforvalting og administrative tenester.
Mangfald i DFØ
I DFØ trur vi at mangfald gir oss fleire bein å stå på, breiare perspektiv og dermed evne til å handtere utfordringar på ein betre måte. Vi er sikre på at medarbeidarar med ulik livserfaring og ulike fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å løyse oppdraga våre på enda fleire gode måtar. Vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte, til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er velkommen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre er universelt utforma, og vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn kan du bli positivt særbehandla om du krysse av for det når du søkjer på denne stillinga.
Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse kategoriane til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Vil du vite meir
Dersom du synest dette verkar interessant og vil ha nærmare informasjon, kontakt gjerne administrasjonssjef Benedicte Sunde Hallingstad på tlf. 901 46 497. Meir informasjon om DFØ finn du også på www.dfo.no.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift hentar du frå Vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Hugs at søknaden berre blir vurdert på grunnlag av informasjonen som ligg føre når søknadsfristen går ut. Det er viktig at du viser korleis kompetansen din oppfyller kriteria som er beskrivne i annonsen.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er gått ut. Om du ber om å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du grunngi dette spesielt i søknaden. Du vil bli varsla om reservasjonen ikkje blir tatt til følge.
Om bedriften
Om oss
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) er statens fagorgan for økonomistyring, gode grunnlag for avgjersler i for statlege tiltak, organisering og leiing i staten, samt for innkjøp i offentleg sektor. Vi leverer lønns- og rekneskapstenester til rundt 90 prosent av statsforvaltinga og har ansvaret for forvaltinga og drifta av statsrekneskapen og statens konsernkontoordning.
Vi skal bidra til effektiv ressursbruk i staten gjennom kompetansetiltak, rådgiving, fellestenester og utvikling av metodar og verktøy. Vi har om lag 700 tilsette fordelt på Oslo, Stavanger, Trondheim og Harstad. Les meir på dfo.no.