Gynekolog
Org. nr: - Stillingsident: 4380784811 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer to overlegar til vår føde/gyn-seksjon på Stord sjukehus
Stord sjukehus er ein del av Helse Fonna HF. Sjukehuset har gode støttetenester innanfor anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR lab., fysioterapi avdeling og laboratorium med blodbank. Stord sjukehus har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi. Opptaksområdet er på om lag 50.000
innbyggjarar, fordelt på fem kommunar.
Stord har flott natur som gjæv særs gode høve til naturopplevingar og - aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med vidaregåande og Høgskule. Det er god kommunikasjon nordover til Bergen/ Flesland og sørover til Stavanger. Det er òg flyplass på Stord med god kommunikasjon til Oslo.
Seksjonen held til i moderne lokalitetar. Operasjonseininga er nybygd og er døgnbemanna.
Eininga på Stord har fire overlegestillingar med erfarne gynekologar, og samla har føde/gynekologisk seksjon på Stord og i Haugesund 17 legestillingar (overlegar og ass.legar). Oppgåvene er varierte og vi utfører dei fleste operative inngrep. Eininga på Stord har omlag 520 fødslar og 550 gynekologiske operasjonar årleg. Vi har godt samarbeid med Haugesund sjukehus, både fødeavdelinga og nyfødt-intensiv. Det er utarbeidd prosedyrar og seleksjonskriterier mellom sjukehusa. Det er planar om meir integrert samarbeid med Haugesund sjukehus (1500 fødslar årleg), med fokus på fagleg utveksling og vekst.
Startdato: Snarast
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging.
- Poliklinikk.
- Operasjonar (gynekologi/obstetrikk).
- Vaktarbeid.
Kvalifikasjonar
- Relevant sjukehuserfaring.
- Erfaring frå arbeid i tverrfagleg team.
- For stillinga krevst det norsk autorisasjon som lege, og spesialistgodkjenning innan gynekologi.
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg tilsvarande Bergenstesten.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, Cand.mag / SIV
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert.
- Tilpasningsdyktig.
- Sjølvstendig, samtidig må kunne fungere godt i team ..
- Ansvarsbevisst.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande avtale.
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, gruppe- og ulykkesforsikring og Fritidsulykkeforsikring.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskjeleg.
- Triveleg arbeidsmiljø.
- Høgt fagleg nivå.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift).
- Fagleg og personleg utvikling.
Kontaktinformasjon
Isabel Solvang Tofte, Seksjonsleiar, 47826086
Bassam Odicho, Seksjonsoverlege, 53491000
Arbeidsstad
5416 Stord
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4380784811
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.