Vikariat Overlege, anestesiologi
Org. nr: - Stillingsident: 4415344082 Presentasjon av stillingen:
Ledig vikariat for spesialist i anestesiologi fra snarest og t.o.m. 31.12.2022.
Anestesi, intensiv og operasjonsavdeling er ein del av Kirurgisk klinikk ved Haugesund Sjukehus.
Avdelinga har ansvar for all anestesiservice med ca. 9000 anestesisesjoner årleg. Kombinert postoperativ og intensivavdeling med omlag 400 respiratordøgn per år. Anestesilegebemanna utrykningsbil. Palliativt team.
Avdelinga flytter hausten 2021 inn i heilt nye lokaler for både operasjon- og postoperativ/Intensiv avdeling.
Avdelinga har 13 overlegestillinger, inkl. leiar, og 5 LIS-stillinger.
To-sjikts vaktordning med forvakt i tilstadevakt og bakvakt i heimevakt.
Arbeidsoppgåver
- Variert anestesiologisk og intensivmedisinsk arbeid
- Arbeid på legebil kan vere aktuelt
- For tida 9-delt tilstadesvakt som dekkes av både LIS og overleger, 8-delt bakvakt i heimevakt. Tilstadesvakt må påregnes.
Kvalifikasjonar
- Norsk godkjenning som spesialist i anestesiologi.
- Erfaring frå/interesse for akuttmedisin utanfor sjukehus er ønskjeleg.
- Må meistre norsk språk på høgt nivå, både skriftleg og munnleg.
Utdanningsretning
- Medisin
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, hovudfag / mastergrad
Personlege eigenskapar
- Personleg kompetanse og evne til samarbeid ein føresetnad.
- Gode kommunikasjonsevner.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø
- Nærhet til fjord og fjell med gode muligheter for variert friluftsliv
Kontaktinformasjon
Dagny Strand Klausen, Avdelingsleiar, (+47) 52732687
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 Haugesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Fonna HF
Referansenr.:4415344082
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 22.08.2021
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.