Lærar i norsk
Org. nr: 974557592 Stillingsident: 4401813423 Presentasjon av stillingen:
Austevoll vgs har 40 tilsette og ca. 200 elevar. Skulen har tilbod innan naturbruk, fiske og fangst, akvakultur, teknologi- og industrifag, maritime fag og helse og oppvekst.
100 % fast stilling som lærar i norsk på vg2 yrkesfag.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgåver
Du må kunne undervise i norsk på vg2 akvakultur, fiske og fangst og maritime fag. Fagfornyinga krev at fellesfaga vert enda meir yrkesretta enn tidlegare, så det vert viktig at du samarbeider godt med lærarane i dei ulike programfaga for å sikre ei god og yrkesretta undervisning.
Kvalifikasjonar
Du må ha minimum 60 studiepoeng i norsk i tillegg til å ha pedagogisk utdanning.
Gode kunnskapar i nynorsk er eit krav, då administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Undervisning og andre oppgåver knytt til førebuing, etterarbeid og samarbeid ved skulen.
Det er ønskeleg med undervisningserfaring.
Personlege eigenskapar
Du må vere flink til å skape gode relasjonar med elevane og kunne samarbeide godt med andre faglærarar. Du må ha god formidlingsevne og kunne sjå kvar elev og nivåretta undervisninga slik at elevane opplev meistring i faget. Du må ha eit godt humør og gjere undervisninga relevant, yrkesretta, lystbetont og engasjerande.
Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø på ein flott skule. Gode forsikrings- og pensjonsordningar. For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Vivian Bjånesø Horgen, rektor , 40221441
Arbeidsstad
5392
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Referansenr.:4401813423
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2021
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.