Fagarbeidar elektro, kraftverksgruppe Sogn
Region Midt Norge er ein av 5 produksjonsregionar i Statkraft. Regionen har 200 medarbeidarar og er organisert i fire kraftverksgrupper med ansvar for 32 kraftverk og åtte vindparkar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.
Kraftverksgruppe Sogn har ansvar for drift og vedlikehald av våre kraftverk i Jostedal, Vik og Høyanger, og er organisert i tre vedlikehaldsgrupper. Vedlikehaldsgruppe Vik har 9 medarbeidarar
Me søkjer etter ein engasjert fagarbeidarar til kraftverkgruppe Sogn. Som fagarbeidar skal du arbeide i team med erfarne og dyktige kollegaer og med hovudfokus på drift og vedlikehald av kraftverk og tilhøyrande installasjonar.
Oppmøteplass for stillinga er vedlikehaldsgruppe Vik.
Din rolle:
- Du vil delta i dagleg drift og vedlikehald av maskiner og utstyr i kraftanlegg og reguleringsområdet
- Jobbe med førebyggjande vedlikehald, reparasjonar og montering
- Utføre tilsyn, tilstandsvurderingar og feilsøking
- Delta i prosjekt eller større vedlikehaldsarbeid i eiga kraftverksgruppe eller i andre kraftverksgrupper ved behov
- Du vil inngå i vedlikehaldsgruppa leia av vedlikehaldsleiar
Din profil:
- Fagbrev innan elektrofaget
- God HMS forståing og engasjement
- Gode samarbeidsevner, tek initiativ og er sjølvstendig
- Gode generelle ITkunnskapar og ferdigheiter
- Evne til å drive kontinuerleg forbetring
- Gode kommunikasjonsevner
- Resultatorientert og vektlegg orden, struktur og planlegging
- Interesse og evne til å ta i bruk ny teknologi og digitale verktøy
- Fleksibel og samarbeidsviljug på tvers av einingar
- God fysisk form
- Sertifikat for bil klasse B
Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjarar må difor gjennomgå ein helsesjekk og bakgrunnssjekk, som begge må vere bestått som ein føresetnad for tilsetjing
Vi kan tilby:
- Faglag og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
- Et godt arbeidsmiljø preget av kompetanse, ansvar og nyskaping
- Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
- Konkurransedyktige betingelsar og gode velferdsordningar
Om bedriften
Statkraft er eit leiande internasjonalt selskap innan vasskraft og den største leverandøren av fornybar energi i Europa. Konsernet produserer vasskraft, vindkraft, solkraft og gasskraft og leverer fjernvarme. Statkraft er ein global marknadsaktør innan energihandel og har 4000 tilsette i 16 land.