Legesekretær
Org. nr: 961382068 Stillingsident: 4405429136 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 100 % stilling som legesekretær. Stillinga er ledig f.o.m. 091.09.21 og er knytt til legetenesta på Heggenes.
Arbeidsoppgåver
Oppgåver i stillinga vil vere: resepsjonsarbeid, sentralbord, arbeid på laboratorium og skadestogo.
Det er også lagt ein del administrative oppgåver til stillinga, mellom anna:
- Opplæring av turnuslege/legevikarer/medarbeidarar i vårt arbeidsverktøy, CGM Journal, og kontaktperson for IKT Valdres
- Skaffe legevikarar,laga arbeidsavtalar med kommunen og Valdres legevakt /melde inn nye legar til HELFO
- Skaffe bustad til legevikarar
- Lage oversikt over innbetalingar kvar mnd. for LIS1,
- Attestasjonsmynde, fakturaer og timelister
- Rusarbeid -- kontakt med pasientar som er tilknytt LAR.
- Lage ferieplan for medarbeidarar og vikarar
Ved behov kan stillinga delast.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med utdanning som helsesekretær/legesekretær, men personar med annan relevant utdanning kan også søkje.
Det er ynskjeleg at den som blir tilsett har erfaring frå arbeid på legekontor.
Personlege eigenskapar
Du må vera ein imøtekomande og samarbeidsvillig person med gode kommunikasjonsevner. Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg, er naudsynt.
Vi tilbyr
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Knut Sigbjørn Lien, Leiar helseavdelinga, 90508223
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommune
Referansenr.:4405429136
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.07.2021
Om bedriften
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen ? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?
Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen , men også i resten av kommunen.
Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vart teke i bruk i 2021. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.