Helsefagarbeidarstilling på natt 65% fast stilling
Luranetunet "Varme og Vekst i Samspel"
Nye Luranetunet vart opna i november 2017 og har nå 175 plasser fordelt på 2 korttidsavdelingar, 8 langtidsavdelingar.
I tillegg er her dagsenter, ressurssenter, base for heimetenester og serviceavdelingar.
Vi har og ein ny og flott innebygt tropehage på 1300 m2 kor temperaturen er behageleg heile året. Her føregår det diverse aktivitetar både på dag- og kveldstid og det er ein god stad å vere for både bebuarar, pårørande og tilsette. Sjå heimesida vår for meir informasjon: oskommune.no eller Luranetunet sin facebook side.
Vi har ledig 65% helsefagarbeidarstilling på natt frå 01.06.2019
Nattevaktene på Luranetunet går i arbeidslag som består av to, tre eller fire nattevakter. Det er fem arbeidslag på natt og dei består av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
I tillegg har heimebasert omsorg to sjukepleiarar på natt med base på Luranetunet. Vi har god teknologi der ein enkelt kan kontakte kollega i eit anna nattevaktslag. Nattevaktene får tillegg på årsløna; kr. 30.000,-
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta, Luranetunet v/nattevaktslag 3.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga
- Utøva sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
-Dokumentera helsehjelp i Profil - Samarbeide med yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert.
Kvalifikasjonar
- Interesse for arbeid med demente
- Du er løysningsfokusert og har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Bestått Norskkurs Nivå B2, for søkjarar utanfor Norden
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Tillegg i årsløn for natt: kr. 30.000,-
Vi ser fram til å høyra frå deg !
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga.
Om bedriften
Os kommune ligg sør på Bergenshalvøya, der kyst- og fjordlandskapet møtest. Kommunen kan by på dei vakraste natur- og kulturopplevingar, og elles dei fleste tenester både fastbuande og tilreisande har bruk for. Os er ein inspirerande kommune med stor vekst og utvikling. Vi treng medarbeidarar som meiner entusiasme inspirerer, som lyttar med respekt, gjer det dei seier og skaper resultat.