Ledig stilling som arealplanlegger eller byggesaksbehandler
På grunn av auka arbeidsmengde søkjer me etter nye medarbeidarar:
Arealplanleggar
Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet og som kan styrkja vår organisasjon. Nyutdanna kan søkje.
Arbeidsoppgåver:
-
Utarbeiding av reguleringsplanar med tilhøyrande plandokument
-
Utarbeiding av konsekvensutgreiingar
byggjesaksbehandlar
Me søkjer etter person som har kompetanse og interesser innan fagfeltet og som kan styrkja vår organisasjon. Juridisk kompetanse og god skriftleg evne til formulering vil vere eit føremon.
Arbeidsoppgåver:
-
Ha rolla som ansvarleg søkjar og utarbeide byggjesøknader for prosjekt innan både bygg og anlegg
-
Utarbeide erklæringar andre avtaletekstar i samband med byggjesaker og andre prosjekt
Felles kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning frå høgskule og universitetsnivå
- Kunnskap om plan- og bygningslova
- Manglande utdanning kan kompenserast med erfaring
Ta kontakt med Andrè Bjørndal, tlf. 950 42 104,
Søknaden kan sendast på e-post til Andrè Bjørndal
Søknadsfrist: 01.09.2020
Om bedriften
Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS er eit rådgjevande ingeniørkontor med 10 tilsette og kontor i Fjord’n Senter i Eikelandsosen i Fusa. Firmaet vart etablert i 1988.
Hovudoppgåvene er utarbeiding av reguleringsplanar, utarbeiding av byggjesaker,
planlegging - prosjektering og byggjeleiing av kommunaltekniske anlegg, prosjektleiing og taksering og i sentrale deler av Hordaland og Bergen. Me har for tida oppdrag i om lag 10 kommunar i Hordaland. I eit firma av vår storleik er det ønskeleg at ein har brei kompetanse og interesse for å arbeida med ulike oppgåver og fagfelt