Morsmållærar i Swahili/lærar i engelsk
Morsmållærar i Swahili/lærar i engelsk
Sist endret: 22.05.2019 Del på Facebook Del på Twitter Send Epost Skriv ut
Inntil 200% fast stilling som morsmålslærar i swahili/lærar i engelsk frå 15.08.2019 -- ID 1654 (Edland skule) og ID 1658 (Åmot skule -- vaksenopplæringa).
Søknadsfrist: 06.06.19
Om stillinga:
Vinje kommune gjev tilbod til born og vaksne frå språklege minoritetar om opplæring i og på morsmålet. Dette gjeld born og vaksne som ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å fylgje ordinær undervisning. Vinje kommune har 2 ledige stillingar som morsmålslærar i swahili/lærar i engelsk for skuleåret 2019/20. Dei to stillingane vil fordele seg mellom Edland skule og vaksenopplæringa ved Åmot skule.
Me ynskjer morsmålslærarar som har:
- Swahili som språk/eller engelsk som godkjend undervisningsfag i skulen.
- Gode norskkunnskapar tilsvarande godt bestått i munnleg og skriftleg norsk, høgare nivå - ("Bergentesten") - (http://www.fu.no, vel Norsk språktest)
- Godkjend kompetanse for undervisning i grunnskulen.
- Norsk som 2. språk vil vera ein fordel i fagkrinsen.
- Godkjend opphaldsløyve i Noreg.
- Godkjend arbeidsløyve.
- Godkjend politiattest, ikkje eldre enn 3 månader.
- Tuberkulinattest, jf. Lovdata (http://lovdata.no, søk etter: Forskrift om tuberkulosekontroll).
Me kan tilby:
- Eit utviklande skulefagleg miljø med plan for kompetanseutvikling
- Eit positivt og godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode barnehagetilbod
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Me ber om at søkjar nyttar elektronisk søknadsskjemaog at det kjem klart fram av søknaden kvifor du søkjer stillinga.
Politiattest må visast fram ved tilsetting - jf. § 10-9 i opplæringslova, og i samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Nærare opplysingar om stillinga ved:
Skulesjef André Johannessen tlf. 410 44 168 -- Åmot skule
Fungerande skulesjef Rune Sudbø Tveito tlf. 409 15 955 -- Edland skule
Velkomen som søkjar hjå oss !
Var denne sida nyttig?JaNei