Undervisningsstilling Informasjonsteknologi og medieproduksjon
Stillingsannonsen er inaktiv.STORD VIDAREGÅANDE SKULE - Vestland fylkeskommune
Saghaugen 3, 5411 Stord
Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering, Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal,service og reiseliv, samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Skulen tilbyr også opplæring for vaksne og me har kursverksemd i forskjellige fag.
Stord vidaregåande skule skal i løpet av nokre år ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.
Stord vidaregåande skule har behov for lærar i 75 - 100 % stilling på Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Aktuelle fag kan vera brukarstøtte, yrkesfagleg fordjuping, konseptutvikling og programmering, driftsstøtte, utviklarfaget og teknologiforståing. Skulen kan leggja til rette for søkjarar som vil ta deler av stillinga. Stillinga kan evt. kombinerast med undervisning i matematikk/programmering.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i programfaga, der planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning inngår.
- Kontakt og samarbeid med næringsliv i regionen.
Kvalifikasjonar
- Relevant yrkesfagleg utdanning/fagbrev, samt 4 års yrkespraksis/ Høgskuleutdanning/universitetsutdanning i relevante fag.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jmfr Opplæringslova. Søkjarar som ikkje oppfyller krava, kan tilsetjast på vilkår.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest.
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Personlege eigenskapar
Du som vert tilsett set eleven si læring og utvikling fremst. Du er ein tydeleg og støttande leiar i klasserommet og kan motivera elevane til å gjera ein ekstra innsats. Me ynskjer oss ein lagspelar som er god på å samarbeida og finna fleksible løysingar. Du har god struktur på undervisninga og har vilje til å initiera og ta del i skulen sitt utviklingsarbeid.Me tilbyr
- Spennande utviklingsmoglegheiter og gode ordningar for stipend og vidareutdanning.
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø.
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Spennande arbeid i samspel med elevar, skulen og bedrifter i bransjen.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Lise-Merete Lien, avdelingsleiar, 48025109Arbeidsstad
Saghaugen 35411 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommuneReferansenr.:4587381649
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.02.2023
Søknadsfrist: 07.12.2022
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
STORD VIDAREGÅANDE SKULE - Vestland fylkeskommune
Adresse
Saghaugen 3, 5411 Stord
Hjemmeside
Om stillingen
Stillingstittel
Undervisningsstilling informasjonsteknologi og medieproduksjon
Antall stillinger
1
Oppstart
1. februar 2023
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 8. desember 2022
Hentet fra: talentech
Referanse: f1c51f33fe3c48d59c7eae25e16111b9
Stillingsnummer: c87f71cd-8137-48d4-a6ee-e986201847de