Undervisningsstillingar i grunnskulen
Stillingsannonsen er inaktiv.Hemsedal kommune
Kultur og oppvekst
Vi har frå skuleåret 2019 ledige stillingar i grunnskulen med kompetanse på 1-7 trinn:
- 100 % fast stilling p.t. Ulsåk skule.
- 100 % årsvikariat p.t. Ulsåk skule
- 50 % årsvikariat p.t. Tuv skule.
Ynskjeleg kompetanse: spesialpedagogikk og grunnleggjande lese- og skriveopplæring. Gje opp i søknaden kva fag du har undervisningskompetanse i.
Utlysinga gjeld også andre stillingar som kan verta ledig. Ved interne rokkeringar kan det bli ledig eit årsvikariat ved Hemsedal barne- og ungdomsskule, i hovudsak med kompetanse i matematikk og norsk for 5.-10. trinn.
Skulane i Hemsedal
I Hemsedal er det eit godt utvikla tverretatleg samarbeid, og skulane ligg fint til med mykje fin natur rundt. Hemsedal barne- og ungdomsskule (5.-10. trinn) har 180 elevar. Tuv skule (1.-4. trinn) har 50 elevar og Ulsåk skule (1.-4. trinn) har 78 elevar.
Utviklingsarbeid: Alle grunnskulane har vore med i prosjektet Felles Løft i regi av Statped Sørøst der vi har hatt fokus på heilskapleg språk- og leseopplæring samt ordmeistringsmetoden. Dette arbeidet står fortsatt i fokus heilt til alle er trygge på praksis. Hemsedal barne- og ungdomsskule har vore med i prosjektet Vurdering for Læring og er i avslutninga på arbeidet med lokale læreplanar/emneplanar. Hausten 2019 vil Fag og fagfornying stå sentralt i utviklingsarbeidet. Vi arbeider for eit godt og trygt skulemiljø og deltek i pulje 2 Inkluderende barnehage og skolemiljø, eit prosjekt i regi av Utdanningsdirektoratet. Dette året utdannar vi fleire som skal delta i Innsatsteam mot mobbing. På Tuv og Ulsåk skular har vi dagleg 30 minutt med fysisk aktivitet i undervisninga for alle elevar. Vi er i gang med spennande arbeid der vi innan 2021 har sentralisert 1.-4. trinn. Ny skule skal stå ferdig til skulestart 2021 for 1.-10. trinn. Mellom anna derfor har vi nyleg signert avtale med Veilederkorpset som skal hjelpe oss på ulike nivå mot å bli ei endå betre skule.
Vi ønskjer oss lærarar som i samarbeid med kollegaer og leiing vil ta del i vidareutvikling av skulane.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse jf. Opplæringslova kap. 10 og forskrift til opplæringslova kap. 14 §§ 14-2 og 14-3.
- Det er krav om politiattest jf. opplæringslova ved tilsetjing i stillinga.
- Ved tilsetjing vil vi prioritere dei søkjarane som dekkjer fag vi manglar.
Vi søkjer etter deg som:
- har evne til å inspirere og vise omsorg
- er tydeleg på klasseleiing og vil arbeide med fokus på ressursen i barnet og gode relasjonar
- vil vere med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- har engasjement for elevar med spesielle behov
- har evne til å skape gode relasjonar til barn, foreldre og kollegaer
- er nysgjerrig, skapande og tar ansvar
Kvalifikasjonar:
- fokus på utvikling av fagleg kvalitet og godt miljø
- eit aktivt friluftsliv og nærleik til natur
- Skooler som læringsplattform
- god oppfølging og rettleiing av nye tilsette
- kompetanseheving
- kurs i nynorsk
- hjelp til å finne bustad
Krav til dokumentasjon:
Den som vert tilsett i stilling innan skulen skal levere tuberkuloseskjema og kan bli pålagt å ta tuberkuloseprøve. Det er krav om politiattest jf. opplæringslova for skulen før ein startar i stillinga. Det må søkjast elektronisk.
Det er krav om vitnemål og dokumentasjon frå tidlegare arbeidserfaring ved fastsetjing av lønn. Lønnsansiennitet blir sett til 0 år inntil dokumentasjon er levert og vurdert.
Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Krav om poiltiattest jf lovverk for dei forkskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestiiilng og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Elektronisk søknadsprosess:
Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vitnemål og attestar kan lastas opp og blir da ein del av den elektroniske søknaden. Dei kan alternativt sendast pr. post til Hemsedal kommune, Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal.Referansar vil bli innhenta. Ved utfordringer i søknadsprosessen kan du ta kontakt med postmottak@hemsedal.kommune.no.
Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)
Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune. På vår webside finn du link til dei andre kommunene sine websider. Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune. Stillingar blir også lagt ut på www.nav.no, og der finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Hemsedal kommune
Adresse
Hemsedalsvegen 2889, 3560 Hemsedal
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. juni 2019
Hentet fra: Hemsedal kommune
Referanse: enterprise.hdnett.no/HE_recruitment/opening?0?281
Stillingsnummer: c87e28c7-989a-46e1-9e1e-fc82bc935a62