Ledige lærarstillingar - Grunnskuletenesta
Stillingsannonsen er inaktiv.Haram kommune, Grunnskuletenesta
Storgata 19, 6270 Brattvåg
Org. nr: - Stillingsident: 4087826071 Presentasjon av stillinga:
Ledige lærarstillingar
Med atterhald om ressursar, interne overflyttingar m.v.
er fylgjande lærarstillingar ledige frå 01.08.19:
Tennfjord barneskule
150 % vikariat frå 01.08.19 - 31.12.2019.
Flem skule
70 % vikariat frå 01.08.19 - 31.07.2020
Gjerne med spes.ped erfaring.
Brattvåg ungdomsskule:
100 % fast stilling frå 01.08.2019
100 % vikariat frå 01.08.19 - 14.11.19
100 % vikariat frå 01.08.19 - 31.07.20
Stillingar som måtte kome til.
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulane som følgje av
oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane blir tekne med i tilsettingsprosessen.
Tilsetting i samsvar med lover, forskrifter og avtaleverk.
Den som blir tilsett må kunne legge fram politiattest.
Det er innført 6 månader prøvetid for stillingar i Haram kommune.
Arbeidsoppgåver
- I Haram kommune er alle skulane sertifisert som dysleksivenlege og har eit stort fokus på dette. Lesing er også eit satsingsområde.
- Vi legg stor vekt på digital kompetanse og ferdigheiter og vi er inne i ei digital satsing der alle elevane på 1.- 4. trinn har eigne Ipader, medan på 5. - 10. trinn har elevane kvar sin PC. I tillegg har alle lærarar nye PC-ar.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk utdanning
- I basisfaga norsk, matematikk og engelsk må ein ha 60 studiepoeng i ungdomsskulen og 30 studiepoeng i barneskulen.
- Søkjarane må spesifisere i søknaden kva fag dei har 30, 60 eller meir studiepoeng i.
- Våre tilsette må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform.
- For søkjarar med utdanning frå utlandet er det ein føresetnad med godkjenning frå Udir, dokumentasjon skal leggast ved søknaden for å verte vurdert i den vidare prosessen.
- Søkjarar må ha bestått Bergenstest nivå C1.
Utdanningsretning
- Pedagogikk
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- Du bør vere god på relasjonsbygging med elevane
- Trivast med å arbeide i eit hektisk og givande miljø.
- Saman med relevant utdanning og praksis, vil stabilitet og dei personlege eigenskapane verte vektlagde.
- Godt humør
Vi tilbyr
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit godt og hektisk arbeidsmiljø
- Tilsetting i IA-bedrift
- Gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Unni N.Krogsæter, Rådgivar, 97560016, Unni.N.Krogsaeter@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Haram kommune, Grunnskuletenesta
Ref. nr.:4087826071
Stillingsbrøk: 50 -100%
Vikariat, Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 6
Søknadsfrist: 02.06.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4087826071&company_id=3191454614&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Haram kommune, Grunnskuletenesta
Adresse
Brattvåggata 19, 6270 Brattvåg
Brattvåg er kommunesenter i Haram kommune og har gode tilbod både for kulturelt interesserte og ikkje minst om du er interessert i friluftsliv, med sin nærhet til sjø og fjell. I tillegg er det kort avstand til både Ålesund sentrum og flyplass (ca 45 min). Behov for rekruttering og kompetanse har skapt eit nært samarbeid mellom kommunen, skulane, bedriftene og den internasjonale arbeidsmarknaden. Haram skal vere ein attraktiv kommune og både arbeide og bu i. Då er tryggleik, gode oppvekstvilkår og eit godt lokalmiljø avgjerande. Velkomen skal du vere!
Om stillingen
Antall stillinger
6
Oppstart
1. august 2019
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Sist endret: 3. juni 2019
Hentet fra: webcruiter
Referanse: 4087826071_Haram kommune, Grunnskuletenesta_webcruiter
Stillingsnummer: c854ba7e-5c2c-4122-818f-ca31873554d5