ID 1876 Vernepleiarar - Heimebaserte tenester
Stillingsannonsen er inaktiv.Stord kommune
Stord
I Stord kommune har vi ein eigen vikarpool med ein stab der alle tilsette har utdanning innan helsefag, til dømes helsefagarbeidar, vernepleiar og sjukepleiar. Når du er tilsett i Vikarpoolen går du inn og dekker vikariat i alle einingar innanfor rehabilitering, helse og omsorg (RHO).
Om du likar nye arbeidsoppgåver og ynskjer å bli kjent med andre flinke kollegar er dette arbeidsplassen for akkurat deg.
Vi har inntil tre faste 100% ledige stillingar som Vernepleier
Arbeids- og ansvarsområde:
Aktuelle arbeidsplassar er til dømes institusjon, heimebaserte tenester, habilitering, psykisk helse og rus. Når du er tilsett i Vikarpoolen har du 100% fast stilling i Stord kommune, men din arbeidsstad vil variere. Du får innsikt i forskjellige arbeidsplassar og brukar den kompetansen du har. Du får ta del i eit læringsutbytte og samtidig får du ein unik moglegheit å tileigna deg ny kompetanse innan områder du ikkje har erfaring i frå før, og du kan utforske kva du brenner for.
Kvalifikasjonskrav:
- Norsk autorisasjon som Vernepleiar
- Du må ha erfaring frå norsk kommunehelseteneste anten gjennom utdanning eller praksis.
- Du må beherske norsk både munnleg og skriftleg
- Du må ha førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Tilsette i Vikarpool får eit tillegg på 6000,- pr. år
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Karin Toft tlf: 915 79 532, einingsleiar Gina Kittilsen tlf: 975 52 169
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
Stord kommune
Adresse
Lønningsåsen 1, 5417 Stord
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Om stillingen
Stillingstittel
Vernepleiar
Antall stillinger
3
Oppstart
Etter avtale
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Ikke oppgitt
Arbeidsdager
Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid
Dagtid, Kveld
Sist endret: 18. juli 2022
Hentet fra: Stillingsregistrering
Referanse: c80c787f-4467-4f88-83cb-bbed6c2c40cf
Stillingsnummer: c80c787f-4467-4f88-83cb-bbed6c2c40cf