Prosjektleiar / dagleg leiar for nasjonalt ressurssenter for fjellandbruk
Org. nr: 961 382 068 Stillingsident: 4300084819 Presentasjon av stillingen:
Vi er no i ferd med å etablere eit nasjonalt ressurssenter for fjellandbruk. Ressurssenteret skal vera eit forpliktande nettverk mellom organisasjonar som arbeider med ulike tema knytt til landbruket i fjellområda, og har allereie brei støtte frå mange sentrale organisasjonar, FoU-miljø og offentlege instansar. Føremålet med ressurssenteret er å utnytte fjellområda sine særpreg og fortinn til høgare verdiskaping i landbruk og reiseliv. Ressurssenteret skal utvikle strategiar for ei lønsam, berekraftig landbruksnæring og styrke ressursgrunnlaget for tilknytte næringar, der kompetansedeling mellom landbruk, anna næringsliv og organisasjonar som er ein del av fjellandbruket står sentralt.
Fjellandbruket omfattar 77 kommunar med 20% av jordbruksareala i landet. Ein omtale av bakgrunnen for og målsettinga med ressurssenteret finn du her.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein prosjektleiar som vil bli med å utvikle innhaldet i Ressurssenteret vidare, og som ved etablering av senteret kan gå inn i stillinga som dagleg leiar.
Vi søkjer etter ein person med høg kompetanse innan landbruk og tilknytta næringar, og som ser potensialet i auka verdiskaping for næringslivet i fjellområda. Du må ha høgare utdanning, leiarerfaring og administrativ og økonomisk kompetanse. Du bør ha erfaring frå prosjektarbeid og kunne vise til resultat ved utvikling og realisering av nye idear. Du må ha god evne å etablere relasjonar overfor samarbeidspartar og å skape entusiasme.
Som prosjektleiar vil du vera tilsett i Øystre Slidre kommune, med kontoradresse Løken gard i Øystre Slidre kommune. Som dagleg leiar i ressurssenteret vil du vera tilsett i Ressurssenter for fjellandbruk (ideelt AS), som er under etablering. Selskapet vil ha kontoradresse Løken gard og du vil rapportere til styret for selskapet.
Vi tilbyr
Vi kan tilby svært spanande og utfordrande oppgåver, eit breitt nettverk med sterke fagmiljø om fjellandbruk og reiseliv gjennom dei samarbeidande organisasjonane, eit godt fagmiljø ved Løken gard og ein heia-gjeng som ønskjer at Ressurssenteret skal bli ein suksess. Vilkåra i stillinga vil bli avklart som ein del av tilsettingsprosessen.
Du vil bli ein særs sentral person i oppbygginga av Ressurssenter for fjellandbruk og for næringar som betyr mykje for mange kommunar og bygder.
Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med rådmann i Øystre Slidre kommune, Jostein Aanestad, på e-post: jostein.aanestad@oystre-slidre.kommune.no, telefon 99165935, eller med administrerande direktør i Norges Vel Øyvind Ørbeck Sørheim, på e-post: Oyvind.Orbeck.Sorheim@norgesvel.no, telefon: 93022013.
Andre opplysningar:
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Jostein Aanestad, Rådmann, 99165935
Arbeidsstad
Nyhagevegen 35
2940 Heggenes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Øystre Slidre kommune
Referansenr.:4300084819
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2021
Om bedriften
Kan du tenkje deg ein spanande og utfordrande jobb i kombinasjon med: ein natur som inviterer til topp-tur i Jotunheimen ? Sti- og terrengsykling? Klatring? Lang skisesong? Milevis med skiløyper? Uendeleg med stiar og rike moglegheiter for jakt og fiske?
Dette finn du særleg rett utforbi døra på Beitostølen , men også i resten av kommunen.
Øystre Slidre er ein kommune med vekst i folketalet og med mange spanande arbeidsplassar. Kommunen har full barnehagedekning, god skule og eit aktivt og variert kulturliv. Nytt helsetun vil stå ferdig i 2020. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.