FRITIDSKONTAKT FOR BARN OG UNGE
Org. nr: - Stillingsident: 4401855223 Presentasjon av stillingen:
Barne- og familietenesta søkjer etter fritidskontaktar ( støttekontaktar ) for barn og ungdom.
Fritidskontakt er eit lovpålagt hjelpetiltak for mennesker med ulike former for nedsett funksjonsevne.
Stillinga er deltid og kan vere frå 2 - 5 timar pr veke.
Ta kontakt med Gro Marita Våge Tulloch, mobil 46892130, mail: gro.marita.vage.tulloch@bomlo.kommune.no for meir informasjon om arbeidet.
Arbeidsoppgåver
Våre fritidskontaktar føl opp aktivitetar eller deltek saman med barnet/ungdomen ut frå interesser og behov. Dei vil ha tett kontakt med familie for å følge opp barnet / ungdomen. Sidan Bømlo ikkje er tettbygd og interessene og aktivitetane kan vere eit stykke frå heimen, ser me det som naudsynt at våre fritidskontaktar er over 18 år og har sertifikat. Bømlo kommune dekker utgifter til køyring etter statens regulativ.
For å bygge gode og trygge relasjonar mellom barn/ungdom og fritidskontakt ynskjer me at den som søkjer kan stå i oppdraget i minimum eit år når kontakt er etablert. Ein kan ha fleire oppdrag / kontraktar for å auke stilling om dette er aktuelt.
Kvalifikasjonar
Me ser etter deg som er over 18 år og har førerkort. Du har i tillegg god kjemi og relasjonskompetanse til å arbeide med barn og unge.
Du vil bli kalla inn til samtale, men me har ikkje krav til formell utdanning.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er fleksibel, positiv med gode samarbeidsevner.
Me tilbyr
Me tilbyr løn etter kommunale satsar for denne type arbeid. Utgiftsdekking ift kjøring av privat bil og aktivitetar etter avtale.
Kontaktinformasjon
Gro Marita Våge Tulloch, 468 92 130, gro.marita.vage.tulloch@bomlo.kommune.no
Linda Hellen, 90 96 17 02
Arbeidsstad
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bømlo kommune
Referansenr.:4401855223
Stillingsprosent: 10%
Engasjement
Søknadsfrist: 29.08.2021
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause , modige og engasjerte medarbeidarar.
Raus -- hos oss er det takhøgde, det er lov å prøva og feila. Me er lyttande, møter menneske med respekt, er inkluderande i vår omgang med andre og i utøving av arbeidet vårt. Me byggjer relasjonar og ser på mangfald som ein ressurs
Modig -- me vågar å tenkje utanfor boksen, me er kreative, prøver, ser moglegheiter, me er handlekraftige, står for det me gjer, tek nye utfordingar, toler endring, ser at omstilling er nødvendig og er opptatt av utvikling som betrar tenestene.
Engasjert -- driftige medarbeidarar som er opptekne av jobben sin, av å yte gode tenester og utvikle seg og sine kollegaer for å yte sitt beste. Dette får ein til igjennom samarbeid internt og samskaping eksternt.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som vare frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkludera og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.