Sommarvikar Pleie- og omsorg i Etne kommune
Stillingsannonsen er inaktiv.ETNE KOMMUNE
Pleie og omsorg
Me ønskjer ferievikarar innan følgjande stillingar:
- Vernepleiar, sjukepleiar, helsefagarbeidar/hjelpepleiar, omsorgsarbeidar eller studentar/elevar innan desse felta.
- Assistentar/heimehjelparar innan ulike fagområde og kjøkkenpersonell. Her er det ikkje krav til spesifikk utdanning, men me ønskjer at du har interesser for, og gjerne erfaring innan helse og omsorgsarbeid.
Arbeidsoppgåver
Pleie- og omsorgsoppgåver, samt praktiske oppgåver institusjon- og heimebaserte tenester, kjøkkenoppgåver
kompetanse:
Sjukepleiar
Vernepleiar
Helsefagarbeidar
Studentar
Assistentar
Personlege eigenskapar
Me søkjer ein vikar som er positiv, løysingsorientert og har evne til å arbeide sjølvstendig i ein travel arbeidskvardag. Du må ha gode samarbeidsevner og vera fagleg engasjert, fleksibel, lojal og effektiv.
Annan informasjon
Du må framvise politiattest utan merknader, MRSA og TBC attest
o Om du søkjer sommarjobb på meir enn ein arbeidsstad i kommunen, og korleis du ynskjer å prioritera
o Perioden du kan arbeida - frå/til dato. Søkjarar som kan arbeida 5 veker eller meir, vert prioritert. Kva type arbeid du aller helst ynskjer, t.d. heimehjelp, heimesjukepleie, miljøarbeid eller institusjon.
o Om du har førarkort og type.
Me tilbyr studentavtalar
Ynskjer ikkje kontakt med rekrutteringsselskap eller seljarar.
Søknad skal sendast
Etne kommune nyttar elektronisk søknadsskjema - dersom du treng hjelp til dette, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 53758000. Søknad vert å senda elektronisk innan fristen ved å trykkja "søk stilling" til høgre. Søkjar vert oppmoda til å laste opp elektronisk versjon av attestar og vitnemål. Originalar leggjast fram ved eit eventuelt intervju.
Dersom søkjar ønskjer å reservera seg frå offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje
Om arbeidsgiveren
Arbeidsgiver
ETNE KOMMUNE
Adresse
Kyrkjevegen 51, 2890 Etnedal
Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk.
Om stillingen
Heltid/deltid
Heltid
Sektor
Offentlig
Sist endret: 7. mars 2020
Hentet fra: Etne kommune
Referanse: rekrutering.etne.kommune.no/recruitment/opening?0?813/2020-SONFRA
Stillingsnummer: c764940d-f390-4fb1-8531-224070ae12d5