H-3 Midlertidige stillingar PA/BPA Tysvær heimeteneste
Vi søkjer
Antal stillingar: 3
Stillingsprosent: 90%
Tilsetjingsform: Midlertidig stilling, 6 månader med moglegheit for forlenging
Tiltreding: Frå 01.03.2021 eller snarast
Arbeidstid: Turnus, 35,5 t/veke
Beskrivelse av avdeling
Heimetenesta i Tysvær kommune yter helse- og omsorgstenester til heimebuande med ulike hjelpebehov gjennom heile døgnet. Brukarstyrt personleg assistanse er ein avdeling plassert under heimetenesta på Tysværtunet.
Personleg assistanse (PA) er ein alternativ måte å organisere tenestene praktisk, og personleg bistad for personar med nedsett funksjonsevne. Brukarstyrt personleg assistanse i PA har som oppgåve å vere brukarens høgre hand, slik at brukaren kan gjenomføre daglege gjeremål, og delta i dei aktivitetane dei ynskjer. Vår BPA avdeling er i vekst, og vi er derfor på utkikk etter nye medarbeidarar.
Arbeidsoppgåver
- vere brukarens høgre hand
- bistå i daglege gjeremål
- bidra til meiningsfulle aktivitetar
- fokus på eigenmestring
- samarbeid tverrfagleg
- medisinhandtering
- personleg hygiene
Krav til kompetanse
Helsefagarbeidar med godkjent autorisasjon/assistent med relevant erfaring og ønskjelege eigenskap som er i eit utdanningsforlaup.
Førarkort klasse B
Personlege eigenskaper
- erfaring frå å jobbe med mennesker
- positiv, fleksibel, trygg. løysningsorientert
- jobber sjølvstendig
- forståing for tverrfagleg samarbeid
- likar utfordringar, og ser moglegheiter og tar initiativ
- har evner til å gje brukar ein god og individuell omsorg
- gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheter
- generelle IKT- kunnskaper
- personlege eigenskaper vert vektlagt
Vi tilbyr
Eit godt fagleg arbeidsmiljø med fokus på arbeidsnærvær.
Internundervisning og moglegheit for rettleiing i små grupper.
Ved intern rokkering kan annan stilling bli ledig.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk.
Slik søker du
Tysvær kommune mottar kun elektroniske søknader. Søk via linken oppe til høgre.
Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 52757000 dersom du treng hjelp til å søkje.
Kopiar av vitnemål og attestar tar du med deg dersom du skal møte til intervju. Desse blir dessverre ikkje returnerte.
Politiattest skal heller ikkje leggjast ved søknaden din. Godkjent politiattest som ikkje er eldre enn tre månader ,må liggje føre ved tilsetting, og seinast før arbeidstakar tiltrer stillinga. Det vert teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Om bedriften
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta