Helsefagarbeidar ved Osterøytunet
Org.nr.:864 338 712 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kort om stillinga:
Osterøytunet er ein moderne sjukeheim, bygd i 2004, med 56 einsengsrom fordelt på to avdelingar.
Kvar avdeling har 3 grupper. Institusjonen har eige kjøkken og eigen lege.
Me har særleg fokus på ernæring og aktivitet. Som helsefagarbeidar skal du yta tenester til pasientar på ein fagleg forsvarleg, respektfull og omsorgsfull måte. Tenesta skal ytast i tråd med vedtak og kommunale retningslinjer.
Me har 2 faste stillingar på 25,35% og 100%. Ved intern omrokkering kan andre stillingsprosentar verta ledige.
Ledige vikariat:
100% frå no til 31.10.2021.
100% frå no til 31.01.2021.
50% frå no til 31.03.2021.
Arbeidsoppgåver:
Heilskapeleg omsorg og pleie. Bistand og rettleiing ut frå pasienten sine behov, samt målretta miljøarbeid.
Kompetanse:
Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar eller hjelpepleiar.
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.
Personlege eigenskapar:
-
eit positivt menneskesyn er påkrevd
-
Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-
Du har godt humør, er fleksibel og påliteleg
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kolleger
Moglegheit for faglig utvikling
Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv (IA)-bedrift
Anna informasjon:
Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kommunen har 6 månader prøvetid ved tilsetjing. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Åse Vevle, Tlf: +47 56192501, Epost: ase.vevle@osteroy.kommune.no
Om bedriften
Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna